Fysisk aktivitet i sola?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Simon Eiksund jobbar som personleg trenar på Stamina Trening i Volda. For han er det viktig å påpeike at alle menneske er ulike når det kjem til fysisk aktivitet.

Denne saka stod først på trykk i Møre-Nytt.

Individuelt
Sjølv om dette emnet varierar sterkt frå person til person, påpeikar Simon at tilgang til vatn er essensielt for treninga eller aktiviteten ute.

– Personleg kan eg drikke opptil 1 liter vatn i timen ved jamn aktivitet og ved mykje sveitting. Mitt råd er å alltid ha drikke tilgjengeleg, og drikke når du er tørst. Men ein treng ikkje gå rundt å vere redd for væskeinntaket sitt, sidan kroppen ofte vil seie ifrå når det trengst.

Mange opplever at ein sveittar berre ein sit stille. Ved fysisk aktivitet sveittar kroppen enda meir.

– Sveitting er eit teikn på at kroppen prøvar å kjøle seg ned fordi den er varm. Men at ein sveittar meir er ikkje nødvendigvis eit teikn på at ein forbrenn meir energi. Nokre sveittar rett og slett meir enn andre. Kor mykje energi ein person forbrenner kjem an på kor hardt og lenge personen trenar, fortel Simon.

LES OGSÅ: Difor er byen varmare enn bygda

Kommuneoverlege i Volda og Ørsta, Arne Gotteberg, fortel at den langvarige varmen Sunnmøre har hatt siste tida er noko folk ikkje er vande med.

– Dei som er utålelege for varme må vere litt på vakt. Dette kan vere eldre, born eller folk med svak helse. Det varierar frå person til person kva kroppen tåler. Veit du at du er litt var for varmen, så ta omsyn til det. Eit råd som gjeld alle, er å drikke meir vatn for å erstatte tapet av væske. Men ikkje gløym å lovpris det vakre vêret. Det er nytt for oss, men noko vi må verdsette!

Fjellturar
Anbjørg Romestrand er ein av mange som prøvar å gå i fjellet så ofte ho kan. Sjølv har ho nokre tips å dele.

– Eg drikk jamt med vatn, som gjer at eg unngår å få hovudverk på vegen opp. Å gå i fjellet når sola er som sterkast prøvar eg å unngå. Det er betre å gå om morgonen, slik at sola heller er sterkast når eg er komen til topps, der du finn bris. Kveldsturar er også behageleg. Å ha med ei ekstra t-skjorte er lurt, sidan det kan bli litt kjøling å gå ned frå ein lang tur med ei sveitt t-skjorte.

Simon Eiksund meiner at matinntaket før- og etter lengre turar er viktig for kroppen.

– Et eit lett måltid før du legg ut på ein lengre fjelltur, då blir ikkje kroppen så tung. Når ein kjem tilbake frå turen vil eg anbefale eit godt proteinrikt måltid, for å byggje opp musklane etter aktiviteten. I sekken må ein ha med fleire liter vatn, og mat etter behov.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

– Nokre fleire tips?

– Nyt sommaren og varmen, og ikkje vær redd for å halde deg i aktivitet. Eit bad kan vere herleg for å kjøle seg ned. Hugs nok drikke, og ta pausar frå aktivitet eller sola når det er behov. Lytt til kroppen din!

Solstikk
Skal ein kome ut for at kroppen blir overoppheita eller får solstikk, anbefala Gotteberg at kroppen må få ned temperaturen ved å drikke vatn, finne ein skuggefull stad, legge seg ned, og kjøle ned hovudet og kroppen med til dømes ein kald og våt handduk.

– Dette er for å få ned temperaturen i kroppen som har vorte for høg.

Ifølgje NHI sine nettsider kan symptom på overoppheting eller solstikk vere at ein mellom anna kan verte svimmel og slapp, få hovudverk, tørste, kvalme og muskelsvakheit.

LES OGSÅ: Mål: 1724 innbyggjarar innan 2020