Fyll tanken med vind

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil lage drivstoff av uvêret

Ein oppmuntrande tanke når stormen herjar er at det i det minste blir danna store mengder straum. Til tider blir det danna meir straum enn det er behov for, som i dag ikkje blir brukt og forsvinn. Bortkasta, meiner prosjektleiar Paul Inge Dahl ved Sintef.

– Vi vil bruke overskotsenergien til å danne hydrogen som vi igjen vil nytte som drivstoff, seier Dahl.

Sintef er i gang med eit forprosjekt der det blir halde oppsyn med lokale vindmølleparkar for å sjå kva for eit teoretisk utbytte av hydrogen som er mogleg å oppnå. Førebelse observasjonar har gjeve eit særs tilfredsstillande resultat.

– Ved berre å bruke overskotsenergien frå lokale vindmølleparkar er det mogleg å skape nok energi til at alle bilane i heile Sør-Trøndelag kan gå på hydrogen, seier Dahl.

Hydrogen blir danna gjennom ein prosess kalla vasselektrolyse der vatn blir spalta til hydrogengass og oksygengass ved tilførsel av energi. Det revolusjonerande ved Sintef-prosjektet er at straumen som blir tilført for å spalta vassatomane er energi utan skadeeffekt på miljøet.

LES OGSÅ: Vindkraft kan dekkje alt nytt energibehov

Målet med prosjektet
Målet Sintef har sett seg er å opprette ein fyllestasjon for hydrogen i Trondheim innan 2014.

– Ein har vald å satse i dette området beintfram fordi det her finst både kompetansemiljø, ambisiøse politikarar og mykje overskotsenergi frå vindmøller. Det er likevel fullt mogleg å utvide prosjektet til andre regionar. Optimalt skal det vere fyllestasjonar for hydrogen langs kyststripa og i dei største byane innan 2050, og det vil vere hensiktsmessig at hydrogenet stammar frå overskotsenergi i kraftverk, seier marknadsdirektør for hydrogen og brenselceller Steffen Møller-Holst ved Sintef.

LES OGSÅ: Gler du deg til null utslepp?

Kvifor velje hydrogen framfor diesel og bensin?
Det er ingen grunn til dårleg samvit når ein tenner motoren i eit hydrogendrevet framkomstmiddel. Det einaste du slepp ut i miljøet er ein liten slump reint vatn. Den høge prisen på bilane kan virke avskrekkande for fleirtalet i dagens folkesetnad, men Møller-Holst meiner prisen vil endre seg når bilane blir produsert i større skala.

– Når bilane blir seld i ei prisklasse som gjer dei tilgjengeleg for majoriteten av folket er det lite som argumenterer mot å kjøpe hydrogenbil. I eit EU-prosjekt eg deltok i kom det fram at bilen var tilgjengeleg i 99 prosent av tilfella, seier Møller-Holst.

Mange av dei store bilselskapa har fått auga opp for å nytte hydrogen som drivstoff og tilrettelegg for dette i ei rekkje nye bilmodellar.

– Bilen har ein maksfart på 180 kilometer i timen og ein tank som berre må fyllast etter gjennomsnittleg 500 kilometer, siar Møller-Holst.

Forskarane håpar at hydrogenbiler kan bli ein del av kvardagsbildet i framtidas Noreg.

– Draumen er sjølvsagt at heile det norske folket skal køyre rundt i hydrogendrivne bilar. Personleg har eg ikkje bil, men når vi får hydrogenfyllestasjon skal eg jaggu kjøpe meg det, seier Dahl.

PRØV DEN STORE KLIMAQUIZEN!

Miljø i fokus
1. mars vil Sintef leggje handfaste observasjonar på bordet, og det vil vere opp til ulike aktørar i kva grad ein skal satse på vidareføring av prosjektet.

– Sidan det er drivstoff som skal dannast, har vi hatt ein god dialog med selskap som blant andre Atb, Trønder Energi og Posten. Alle aktørane vi har vore i kontakt med virkar så langt positivt innstilt, seier Dahl.

Forsking gjort av Hydrogenrådet viser at for å oppnå Noregs mål om utslippsreduksjon innan 2050 er det umuleg å ikkje innføre hydrogen som drivstoff i transportsektoren. Viss Sintef får gjennomslag med prosjektet sitt vil hydrogenet stamme frå overskotsstraum i ditt lokale nærområde. Det tyder at du neste gong stormen herjar kan oppmuntre deg med at det i det minste blir danna store mengder straum, og at kvar einaste watt blir tatt i bruk.

LES SAKA I DUSKEN! (på bokmål)