Fylkeskommunar får skarp lærlingkritikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vanvittig uansvarleg

Vidaregåande skular blir bygt utan at det blir stilt krav til godkjent læreordning for entreprenørane. Samstundes er det skrikande mangel på læreplassar.

– Me har normalt ikkje lærlingordning som eit tildelingskrav i konkurransegrunnlaga, opplyser Rolv Steffner i innkjøpsseksjonen i Hordaland fylkeskommune til Framtida.no.

Då nybygget til Stord vidaregåande skule stod ferdig til bruk i haust, var det utan at ein einaste lærling var med på bygginga.

– Eg kan ikkje hugsa det, i alle fall, seier dagleg leiar for Engevik & Tislevoll, Harald Engevik. Entreprenøren er godkjent lærebedrift, men det blei ikkje stilt som krav at dei skulle vera det.

LES OGSÅ: Milliardkontraktar utan lærlingkrav

Også Telemark og Sogn og Fjordane er utan krav i dag.

– Me jobbar med saka, skriv informasjonssjef i Telemark fylkeskommune, Hege Glenna, i ein epost til Framtida.no.

Av dei vel 19.000 søkjarane til læreplass no i haust, hadde 12.203 søkjarar fått plass og 2601 oppretta kontakt med ei eller fleire bedrifter 1. oktober, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er fylkeskommunane sjølve som har ansvaret for å formidla læreplassar.

– Vanvittig uansvarleg

Børge Ånesen, leiar av det sentrale ungdomsutvalet til Fellesforbundets reagerer:

– Fylkeskommunen skal stå fram som eit godt eksempel. Alt heng saman med alt. Då er det veldig synd at fylkeskommunen ikkje stiller krav til godkjent lærlingordning. Det er vel eit paradoks at det også er fylkeskommunen som har ansvaret for å skaffa læreplassar, seier Ånesen og viser til at det enno er mangel på læreplassar.

LES OGSÅ: Krev at ein av fem tilsette er lærlingar

Andreas Halse, fagleg leiar og sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom, reagerer også:

– Det er vanvittig uansvarleg at det offentlege ikkje maktar å gå framfor som eit godt eksempel. Det viser at dei ikkje klarar å levera det folk ønskjer, og at me som er ungdommar må gå framfor og setja press.

Fleirtal stiller krav

Fleirtalet av fylkeskommunane i Noreg stiller i dag krav til godkjent lærlingordning når dei vil ha bygt ein veg eller ein vidaregåande skule. Det viser ei rundspørjing av Framtida.no.

Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg (KrF), var ukjent med at fylkeskommunen hennar ikkje stiller krav om godkjent læreordning ved utlysing av anbod.

– Det kan vera me må sjå på dette, seier ho til Framtida.no.

– Er det eit paradoks at fylkeskommunen slit med å skaffa nok læreplassar, samstundes som de ikkje bruker innkjøpsmakta dykkar til å få det til?

– Eg vil ikkje kalla det eit paradoks, men det kan vera at me har forsømd oss, svarar Nyborg.