– Fullstendig katastrofe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølge Fiskeridirektoratet er over 100.000 laks og regnbogeaure rapportert rømt frå havbruksanlegg i Nordhordland etter ekstremvêret «Nina». Dette uroar Endre Hopland, som er ihugga fiskeentusiast og redaktør for hooked.no

– Dette er eit stort problem av fleire grunner. For det første er oppdrettslaks bærar av lakselus og for mykje lus vil festa seg på laks, sjøaure og små individ. For mykje lus vil rett og slett ta livet av små fiskar, seier han.

– Roter i gytegropene
Det andre problemet, er ifølge Hopland at regnbogeauren, som også er på rømmen, vil prøva å koma seg opp i elvane for å gyta.

– Den vil då ta med seg eventuelle lus og sjukdommar den har, som villfisken ikkje har. Den vil også rota i gytegropene som villfisken eigentleg skal bruka, seier han.

Det «positive» opp i alt dette, er at den rømde regnbogeauren er svak, og mange kjem nok til å døy, fordi dei er så svake, seier han.

Fekk oppdrettslaks
Onsdag denne veka var Hopland, saman med andre fiskeentusiastar, i ei vik i Austfjorden for å fiska. På kort tid fekk dei åtte oppdrettslaks. Den minste var på 3,5 kilo, og den største nesten 10 kilo.

– For oss sportsfiskarar er dette dugnadsarbeid, då oppdrettsfisken ikkje har noko i sjøen å gjera, seier han.

– Registrer deg
Seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet, Hans Haddal, er interessert i å få inn opplysningar om fangst folk gjer langs fjordane.

– Det er heilt klart Nordhordland som fekk smellen under og etter uvêret. Det er no viktig for oss å kartlegga korleis fisken spreier seg, difor vil vi vita kor folk får oppdrettsfisk. Dette er også noko vi kan læra av i seinare tid, seier Haddal.

Fiskeridirektoratet oppfordrar alle sportsfiskarar om å hjelpa til med å ta ut rømt fisk frå sjøen, men for å verta kompenserte for fisken må ein registrera seg hos Fylkesmannen i Hordaland.

LES OGSÅ: Har fått fire-fem tonn oppdrettsfisk i garnet

Fisk kan returnerast
Oppdrettarane i Hordaland og Fiskeri- og havbruksnæringas Landsforening (FHL) har bestemt at all rømt fisk i fylket kan returnerast.

– Fiskeridirektoratet har fått melding om rømmingar frå seks anlegg, og ei ukjend mengd laks og regnbogeaure er på rømmen i fjordar i Hordaland, seier direktoratet på sine egne nettsider.

Vestnorsk havbrukslag og oppdrettarane har etablert seks mottak som tar imot rømt fisk, og det vert betalt godtgjersle for alle rømlingar som vert levert.

– Dei seks mottaka har ulike opningstider, og folk som vil levera laks og regnbueørret bør ta kontakt med selskapa som har etablert mottaka, oppfordrar Fiskeridirektoratet.

Les saka i Nordhordland!