Full pott på speed-date

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har lært overraskande mykje på kurset, blant anna å skriva CV, fortel Jonas Kalell, til Sunnhordland.

Kvalitetane
Han er elev ved byggfaglinja på Stord vidaregåande skule, og treng læreplass frå hausten av. Gjennom opplæringskontoret på Stord har han vore gjennom eit jobbsøkjarkurs, som er eit tiltak for å hjelpa elevar til å skaffa seg læreplass.

– Jonas har vist at han kan ta ansvar, og tek tak i ting. Me er først og fremst interesserte i ungdommar som har ei interesse for å læra seg faget, og som kjem seg opp på jobb klokka sju kvar dag, seier Bernt Øyvind Vad i Engelsen Entreprenør AS.

LES OGSÅ: Her er Noregs yngste professor

Han fortel at dei også er også ute etter typar som kan passa inn i miljøet deira, og som har ein styrke og kropp som kan tåla hardt, fysisk arbeid.

Puff bak
Kallel har vore utplassert i Engelsen Entreprenør AS det siste skuleåret.

– Jonas har ikkje skuffa oss, og me har heller ikkje skremt han vekk frå bedrifta vår. Det er ein god kombinasjon, og difor får han tilbod om læreplass hos oss frå 1. september, seier Vad.

LES OGSÅ: Det vert lærarstreik

Etter to år skal han gå opp til fagbrev i betongarbeid.

– Vår intensjon med å ta inn lærlingar, er å skaffa oss gode, lokale fagfolk som vil jobba hos oss i mange år framover, seier Vad.

Han seier at bedrifta tek inn eit til to lærlingar kvart år, og at dei som oftast har 3–4 lærlingar som jobbar i bedrifta til ei kvar tid.

– Dersom me søkjer etter folk, er det stort sett berre utanlandske arbeidarar som søkjer på stillingane. Difor ønskjer me å ta inn lokale lærlingar, slik at me kan læra opp lokal fagfolk, seier Vad.

Yrkesvalet
Jonas Kallel har teke med seg nyttige tips frå kurset.

– Kva er det viktig å ha med i ein god CV?

– Me har lært at det er lurt å skriva litt om hobbyar og fritid. Rett og slett selja seg sjølv, utan å bruka for mange ord, seier Kallel.

– Har du alltid visst at det var denne yrkesretninga du ville velja?

– Då eg gjekk på VG1 tenkte eg eigentleg mest på å bli tømrar eller maskinførar. Men så har eg ein kamerat som jobba som lærling i Engelsen, og han fortalde mykje positivt om korleis det var å jobba der. Det gjorde meg motivert til å bli forskalingssnekker i staden, fortel Kallel.

LES OGSÅ: Bli med grunnlova på turné!

Les saka i Sunnhordland.