Full forvirring rundt fråværsgrensa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no.

Årdal: Det fortel elevrådsleiar Synne Lerum Fredheim, som i likskap med mange andre elevar i vidaregåande skule i landet meiner fråværsgrensa er meir til bry enn noko anna.

– Det er veldig forvirrande, og det kjem stadig nye beskjedar fram og tilbake. Det er faktisk slik at halve klassen har gått halvsjuke på skulen denne veka. Dei torer ikkje å vere heime fordi dei er redd dei ikkje skal få legeattest, fortel Fredheim.

– Press på tenester
Fråværsgrensa har gitt ringverknader elles i samfunnet også. Mellom anna har dei merka det på legevakta.

– Dette kan bli ei krøllete sak. Eg kan forstå behovet når ein ser at fråværet går ned, men eg føler det ikkje er gjennomtenkt med tanke på konsekvensar, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune, Rigmor Svanberg.

– Det medfører byråkrati og press på tenester, legg ho til.

Reiser halvsjuke på skulen
Fråværsgrensa er kort fortalt ei grense for kor mykje udokumentert fråvær ein elev kan ha i kvart enkelt fag. Denne grensa går på 10 prosent. Har ein mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær, kan rektor etter nærare reglar bestemme at du likevel kan få karakter.

Les også: Følling inviterer kunnskapsministeren til fråværsprat

I frykt for å miste karakteren i eit fag, reiser no elvar sjuke på skulen eller renn ned dørene på legekontor for å få dokumentasjon på at dei faktisk er sjuke. 

– Ein skulle jo tru at når ein er mellom det stadiumet at foreldrene kan skriva eigenmelding og du sjølv kan gjera det, så skal det ikkje verta strengare. Det gir ikkje mykje meining, seier elevrådsleiaren oppgitt. 

– Urettferdig
Det viser seg no at innføringa av grensa har fått ned fråværet på mange skular.

– For nokon er det kanskje naudsynt, men ein slik regel går negativt ut over alle. Det er veldig mange som vil få problem utan å ha gjort noko gale. Det er veldig urettferdig. 

Førebels er ikkje situasjonen alarmerande for legekontoret i Årdal, men andre stader har trykket vore langt større.

Fråværsprat
Sjukdom er éin ting, men det som har fått ekstra stor merksemd er køyreopplæringa, som ikkje vert godkjent som gyldig fråvær. Fylkeskommunen har vedtatt at obligatoriske køyretimar skal vera unnateke regelen, men det vedtaket viste seg å vere ulovleg.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har difor bedt om møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) for å diskutere dette. 

– Med eit slik møte vil vi fortelje kvifor vi meiner det er viktig at elevar får obligatorisk køyreopplæring, utan at det går utover vitnemålet. Det har gått før og det bør gå no, sa Følling til porten.no tidlegare denne veka.