Fryktar tapt generasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO og Det internasjonalen pengefondet (IMF) held i dag ein stor konferanse i Oslo. Temaet er finanskrisa og arbeidsløyse.

– Finanskrisen og resesjonen har etterlate eit ødeland av arbeidsløyse, seier Dominique Strauss-Kahn til dei oppmøtte på Oslo Plaza måndag formiddag. Sjefen for IMF gav ei dyster skildring av konferansen sitt bakteppe – massearbeidsløysa i verda.

IMF-sjefen meiner vanlege arbeidstakere har måtta betale ein høg pris for feil gjort av andre, og at ein heil generasjon kan «gå tapt» i dei industrialiserte landa, der særleg ungdom slit med å finne arbeid.

– Vi må ikkje undervurdere at vi kan ende opp med ein tapt generasjon. Ein generasjon som ikkje får tilgjenge til arbeidsmarknaden, som ikkje utviklar arbeidskompetanse. Som ikkje har motivasjon.

Store kostnader
Strauss-Kahn peikar på at dei menneskelege kostnadene ved arbeidsledighet er større enn at ein berre mistar jobben.

– Den mennskelege kostnadene sluttar ikkje der. Mistar du jobben aukar risikoen for dårlegare helse, du aukar riskoen for at borna dine gjer det mindre bra på skulen. Ein mistar trua på demokratiet. Og no snakkar eg om industrilanda, seier han, og legg til:

– Når ein ser på andre land, fattige land, er det endå verre. Her snakkar vi ikkje berre inntekstfall, men om liv og død.

210 millionar ledige
I løpet av dei siste tre åra har arbeidsløysa i verda auka med 30 millionar menneske. Tre fjerdedelar av dei nye arbeidsledige bur i industrialiserte land.
I alt står 210 millionar personar i augneblunken utan arbeid, ifølgje ILO. Det er det høgaste talet som nokosinne er registrert.

Andre deltakarar er den liberiske presidenten Ellen Johnson, den greske statsministeren George Papandreou, den spanske statministeren José Luis Rodríguez Zapatero, den franske finansministeren Christine Lagarde og den britiske arbeidsministeren Iain Duncan Smith.
Jens Stoltenberg, finansminister Sigbjørn Johnsen og arbeidsminister Hanne Bjurstrøm deltek frå Noreg.

Sjå NettTV og meir frå konferansen!