Fruktsukker like ille som “ekte” sukker

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fruktsukker ikkje betre enn anna sukker

Har du tenkt å gå ned i vekt, er det ikkje sikkert juice og honning er det du bør ha i deg, sjølv om sukkeret i desse er `naturleg`.

Kalorifattige diettar som nyttar sukrose/HFK som sukkererstatning  gav same resultat på fedmereduksjon som diettar med sukker. 

HFK er ein fruktsukker-glukosemiks som har vorte mykje nytta som erstatning for sukker. Det verkar som om den forma vi et sukker i er langt mindre viktig enn kvantiteten vi inntek, men det kan likevel sjå ut som om HFK aukar fedme meir enn fruktsukker. 

Les òg: Store brusflasker blir forbodne

I ein studie vart 247 overvektige deltakarar plassert på ein av fire låg-kalori diettar med ein spesifikk type sukker. Sukkeret kom i ulike former med ulike mengdar med fruktsukker og HFK. Diettane hadde alle det same totale kaloriinnhaldet.

Resultatet synte at det var ingen klar skilnad på effekta til dei ulike diettane på fedmereduksjon.

Les òg: OL promoterer fedme

American Heart Association tilrår at menn og kvinner ikkje får meir enn 100 og 150 kaloriar dagleg frå tilsett sukker. Denne studien syner at det er inga årsak til å prioritere ei form for sukker over andre former for sukker.

Kjelde: "The effects of four hypocaloric diets containing different levels of sucrose or
high fructose corn syrup on weight loss and related parameters
", publisert i Nutrition Journal.

Faktaboks

HFK er et søtingsprodukt typisk produsert av stivelse.Stivelsen er hydrolysert og konvertert til glukosesirup.

Med hjelp av enzym omdannast så 40-90% av glukosen til fruktose.
 
På midten av 1980-talet starta både Coke og Pepsi med å bruke HFK stedet for sukker i Nord-Amerika