Frp meiner asylbarn bør få bli

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye innvandringspolitiske talsmannen i Framstegspartiet, Morten Ø. Johansen, har engasjert seg i saka til ein attenåring som kom til Noreg frå Kosovo med mora og veslebroren som trettenåring, skriv Klassekampen.

– Eg har hatt kontakt med han i ein del år. Rådgivaren min og eg har gått gjennom saka, og vi meiner han er kvalifisert til opphald om berre utlendingsmakta bruker det skjønnet dei skal innanfor regelverket, seier Morten Ø. Johansen til Klassekampen.

Attenåringen og veslebroren hører til ei gruppe på rundt 400 barn som har vorte heime i Noreg etter det endelege avslaget på asylsøknaden.

Stortinget meinte at det skulle komme barna til gode da dei i 2006 vedtok ei forskrift som gav 470 personar opphald. Fleire stortingspolitikarar, blant dei Heikki Holmås (SV) og Geir Bekkevold (KrF), meiner Utlendingsnemnda (Une) ikkje har følgt opp intensjonane til Stortinget, som var å gjere dette til ei permanent løysing.

Morten Ø. Johansen er einig og reagerer på at det ikkje blir lagt vekt på den tilknytinga attenåringen har til landet.

– Ja, dei følgjer ikkje regelverket, som dei har høve til å bruke. Det er ei stor utfordring vi har med Une, seier Johansen. (©NPK)