Frode Grytten: – Eg er forteljar, ikkje filosof

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det gjer Grytten ved å følgje tre menn: Først den i utgangspunktet idealistiske læraren som slår seg opp i jappetida på 1980-talet og blir mangemillionær. Dernest far hans, møbelhandlaren som ti år seinare blir utkonkurrert av konsumkulturen, noko som fører han ut på vegen mot Ikea-grunnleggjaren Kamprad.

Den tilsynelatande tredjemannen er Gerhardsen i såkalla ulevande tilstand – som saman med Nygaardsvold, Torp, Bratteli og ein heil hær Arbeidarparti-zombiar prøver å berge stumpane av sosialdemokratiet anno 2010.

For den velferdsstaten dei bygde, vart ikkje heilt som dei hadde tenkt. Og her dukkar også sonesonen til møbelhandlaren opp – i det som nærast blir ei filmnoiraktig detektivskildring – og fullfører den tredelte slektsskildringa.

– Korleis i hulaste kom du på denne kombinasjonen?

– Det begynte med ideen om ein mann som gjekk i land i Odda, seier Grytten om den nye boka «Saganatt», den første han gir ut på forlaget Oktober.

– Noko har gått tapt
Sjølv om det startar med det vesle, balla det på seg. Og det vart tre romanar i éin, ein trilogi mellom to permar – passande nok for forfattaren som er mest kjend for novellene sine.

– Eg kjenner meg også som ein novelleforfattar djupt inni meg. Å skrive roman er ein annan måte å tenkje og skrive på. Men eg syntest ideen eg hadde, var god nok, og det er ideen som har drive skrivinga framover, seier han.

Han fekk ideen i 2007. I mai avslutta han skrivinga – to månader før terrorangrepet, som var retta nettopp mot sosialdemokratiet. Grytten trur det vart ein vekkjar, ein tragisk ein, for folk – som fann saman i tida etterpå.

– Eg trur mange lengtar etter dette samhaldet som er gått tapt, seier han.

Kanskje gjer han det sjølv også. Han seier at «Saganatt» problematiserer nostalgien.

– Nostalgi er å halde det nye opp mot det gamle, som i det å lengte tilbake. Men sjølv om ein ikkje lengtar tilbake, skal ein ikkje vere så blind at ein ikkje innser at noko har gått tapt. Kollektivet forvitrar, folk blir meir atomisert. Vi kapslar oss inn, det skaper avstand mellom oss.

– Bingolotto
I «Saganatt» er det likevel forteljinga som står i fokus, og den er frodig – som vanleg når Grytten slepper orda laus.

Men denne gongen sprikjer bokmeldingane for den tidlegare så godt vande Grytten: Ein del trykkjer den «presise og uhyre morsomme» harselasen med sosialdemokratiet i boka til sitt bryst (Aftenposten) – andre meiner «noe gikk galt på veien» (Bergens Tidende).

– Meldingane er blitt litt bingolotto, og seier vel meir om meldaren. Særleg når dei vil eg skal vere ein annan forfattar og helst skrive ei anna bok også. Eg kjenner sjølv styrkane og veikskapane til boka. Det einaste som uroar meg ved meldingar er at dei skal rykkje vekk brua mellom bok og lesar, seier Frode Grytten.

– Eg håpar at boka uansett vil nå fram til lesarane som les utan det profesjonelle blikket. Eg er ingen tenkjar eller filosof, men ein forteljar.

Spørsmåla mest morosame
I haust skal Frode Grytten ut og møte lesarane sine, i kjølvatnet av at boka finn dei.

– Eg skal vere med på tre festivalar. Oslo Bokfestival 16. til 18. september, Kapittelfestivalen i Stavanger 21. til 25. september og Litteratursymposiet i Odda 12. til 16. oktober, fortel han.

Grytten likar slike møte:

– Folk har ofte gode og vanskelege spørsmål til meg! Ofte lurer dei på karakterane i boka. Eit morosamt spørsmål denne veka, då eg presenterte boka på Tronsmo, har samanheng med at eg fekk ein smell – også fysisk – då karakteren Arvid Lunde i første del av boka reiser frå Odda til Oslo. Universet mitt kollapsa, og eg fekk problem med å skrive om han etter at han kom til hovudstaden. Eg fekk vondt i skuldra, det skjedde samtidig. Då fekk eg spørsmål om eg trudde ein Oslo-forfattar ville fått fysiske skadar av å skrive om ein som flytter ut av byen. Men spørsmåla er vel ofte meir morosame enn mine svar.

GÅ TIL BOKSIDENE VÅRE!

Faktaboks

Frode Grytten er ein forfattar og journalist som har nådd eit stort og internasjonalt publikum med bøkene sine.

Les meir om Frode Grytten på Allkunne.no!