Frode Fanebust vil stikke hol på mytene om Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattaren som kritiserer Noreg

Du har høyrt det ut før. Noreg er ei humanitær stormakt med ein bistandspolitikk som hjelper dei fattigaste. Eit levande lokaldemokrati, ein suksessfull velferdsstat med eit utdanningssystem som utjamnar sosiale forskjellar. Noreg er verdas lukkelegaste land å bu i, og det er typisk norsk å vere god!

Mytene er mange om Noreg, men kor sanne er dei? Dette ville Frode Fanebust finne ut av, då han inviterte over 20 skribentar til å skrive antologien “Makt, myter og media” – med undertittelen “Det er verre enn du tror”.

Fanebust er uroa for utviklinga av det norske samfunnet, og meiner me har fått ein politisk elite i Norge som minner om eit adelskap, med meiningar som ikkje har rot blant folket.

LES OGSÅ: Mannen mot flyktningstraumen

– Eg meiner me har byrja å få ein politikarstand som er ein adel i Norge, kor denne poliske adelen oppfattar makt som ein sjølvfølgje.

Han meiner norsk media på langt veg sviktar i oppgåva si i å drive maktkritikk, som igjen bidrar til at dei norske mytene får leve vidare utan kritikk, og nemnar norsk bistandspolitikk som eit døme.

– Bistand er med på å bygge opp vårt nasjonale sjølvbilete. Men mykje av bistanden til andre land seglar under falskt flagg og går til norske økonomiske interesser. Grunnen til at ein ikkje høyrer om det dette viser at det er for få som grev i dette, og for mange som vert med styresmaktene på solskinnsturar og får presentert eit bilete servert av politikarar og spinndoktorar som får prege mediebiletet.

LES OGSÅ: Færre land skal få norsk bistand 

Forfattaren trur oppbygginga av eit statleg kommunikasjonsapparat gjer at media blir stadig meir einsretta og mindre gravande.

– Eg er ikkje spesielt optimistisk på makta og media sine vegner. Media blir mindre gravande, mindre skarpe og meir einsarta. Ein treng eit mangfald i metodar, meiningar og ytringar, og dette mangfaldet er truga når ein er underlagt eit departements informasjonsstrategi. Det er ein skummel tendens.

Frode Fanebust er utdanna siviløkonom, og er forfattar av fleire kritiske sakprosabøker, mellom anna om bestefaren Toralv Fanebust, den kjende redaktøren som etter 2. verdskrig sona den lengste fengselsstraffa for injurier i noregshistoria etter å ha kome med sterk kritikk av landssvikoppgjeret.

Høyr heile intervjuet i Uten filter her:

Faktaboks

 Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.