Frivillig i fjellheimen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg elskar dugnad. Det er godt å bidra til at ting går rundt og det har vore veldig god stemning her, seier Stine Renate Håheim, stortingspolitikar for Oppland Arbeidarparti.

På Vinjerock i Vang i Valdres har ho teke to vakter på kjøkkenet og elles fått den same festival-opplevinga som alle andre. Og ho er mektig imponert.

– Dette er ein veldig avslappa og kul festival. Det har ikkje vore mykje køar eller stress, meiner ho.

Håheim drog på festival for å vera saman med veninnene Hanne Blåfjelldal og Hilde Ekeberg. Alle tre har vore aktive i ungdoms – og fylkespolitikken i Oppland for kvar sine parti, men ser elles kvarandre sjeldan.

Ekeberg, som er førstekandidat for Oppland Kristeleg Folkeparti (KrF), er også nøgd med opplevinga. 

– Eg har hatt det knallfint. Det er nok frivillige overalt, ingen korkar og dei ser ut til å ha tenkt på alt, seier ho.

LES OGSÅ: – Lån ein vangsgjelding!

Ein ekstra god fest
Stine Renate Håheim og Hilde Ekeberg snart skal ut i ein krevjande valkamp. Dei har ingen problem med å dra milevis på dugnad av den grunn.

– Eg ville gjerne dra på Vinjerock, men det viste seg at alle billettane vart utselt på tre minutt. Så eg vart veldig glad for å få denne sjansen. Når ein har jobba heile dagen, blir også festen på kvelden ei ekstra god oppleving, synst Håheim.

Ekeberg, som kjem frå Lillehammer, meiner dette er eit godt høve til å bli kjent med eige fylke.

– Festivalen har vore god marknadsføring for Valdres. Reint politisk er det interessant å oppleve, og det kan vera ei eventuell skrytehistorie å ta med seg til Stortinget om heimfylket sitt, trur ho.

Håheim, nord-aurdøl og tredjekandidat for Oppland Ap, er samd og seier ho er enda meir inspirert politisk til kamp for distrikts-Noreg. Like så viktig er den avkoplinga helga har gitt.

– Av og til er det veldig godt å kunne ta av seg politikarhatten. Og er det nokon ein verkeleg kan gjera det saman med, så er det andre politikarar, understrekar ho, til tydeleg nikking frå veninnene. 

LES OGSÅ: Festivalar for alle

Vind i ryggen
Vinjerock vart avslutta søndag ettermiddag. Festivalsjefen, John Olav Hovda, oppsummerer kort:

– Eg er kjempenøgd. Dette har gått veldig, veldig bra. Det har vore nydeleg vêr og masse folk, slår han fast.

Hovda har vore med på førebuingane sidan i fjor haust, og overtok som festivalsjef i mai. Hovda bur til dagleg i Brevik, og vart kjent med Vinjerock-gjengen gjennom Norsk rockforbund. Vêret har vore den viktigaste utfordringa.

– Vi fekk ganske kraftig vind ein av nettene, men det skjedde ikkje noko dramatisk. Eg har jobba mykje med artistbookinga, så eg er ekstra glad for at det gjekk så bra, og at artistane sjølve var nøgde, konstaterer han.

Har de hatt nok frivillige, da?

– Ja. Dugnadsanden har vore formidabel. Enkelte grupper har verkeleg måtte stå på for å koma i hamn, men det har ikkje vore sure miner.  

Og resten av kommunen opplever store ringverknader av festivalen.

– Vinjerock har allereie skapt fleire arbeidsplassar, og har vorte ein betydeleg aktør i næringslivet. Det er no Vangs ellevte største bedrift i omsetning. Frå å vera ein gal idé i 2005 til å koma dit, må vera heilt fantastisk bra, konkluderer festivalsjefen.

Les fleire saker om Vinjerock her!

Sjå biletserie og videoar frå Vinjerock under:

Dag 1 Vinjerock 2013 from Aasmund Vinje on Vimeo.

Dag 2 Vinjerock 2013 from Aasmund Vinje on Vimeo.