Fritt fram for luftbaronar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stal luft med bombe- alarm

Lufta er for alle, sa borna når dei vaksne bad dei flytta seg. Men det var før EU byrja å handla med henne. På ein tysdag midt i januar, straks før matpause, fekk dei tilsette ved OTE i Praha ordre om å koma seg ut på gata. Nokon hadde ringt inn eit bombeåtak, og sjefen, Jiri Statsny, fortel The Financial Times (FT), tok trugsmålet på alvor. Det burde han ikkje ha gjort. I tre timar leita politi og bombehundar gjennom lokala. Dei fann ingenting, noko som kanskje ikkje er så rart når vi veit at OTE har ansvaret for å registrera luft eller CO2 på vegner av Den tsjekkiske republikken.

Statsny var i alle høve nøgd over at det heile hadde gått så bra, og det var han fram til klokka sju neste morgon. Då ringde telefonen. Ein av kundane undrast på kvar alle CO2-kvotane hadde vorte av. Vel, kunden undrast truleg ikkje på kvar kvotane i seg sjølve var, sidan karbondioksiden framleis var der ute; det han nok undrast på, var kvar dei digitalt lagra CO2-kvotane hadde vorte av. Han kunne nemleg ikkje finna dei att i registeret til OTE.

Statsny innsåg at bombetrugsmålet hadde hatt eit konkret føremål. Medan alle var ute i vinterkulda, hadde hackarar brote seg inn i datasystemet til OTE og enkelt og greitt stole kvotane og etter det meste å døma selt dei vidare for millionar av euro før nokon hadde oppdaga noko som helst. Det heile hadde vore lettare enn å stela sukkerty frå ungar, som i det minste gjev ljod frå seg straks godsakene forsvinn.

Alt gjekk i svart
OTE var ikkje åleine. Før januar var over, var tre ulike nasjonalregister tømde for kvotar til ein verdi av minst 250 millionar kroner. Gjennom dei siste fire månadene er det stole kvotar for rundt 500 millionar kroner. 26. januar gav Brussel endeleg opp. Dei stogga den såkalla spothandelen med kvotar for drivhusgassar. Kva som vidare skulle henda, var derimot uklårt: «Tilbakeleveringa av løyve som det vert hevda er overførde ulovleg, har ikkje vorte harmonisert og er difor ei sak for nasjonale lovgjevarar og nasjonale påtalestyremakter», stod det å lesa i pressemeldinga.

ETS-systemet, som handelssystemet med drivhusgass vert kalla, er sams for EU-landa og er eit stykke på veg del av eit globalt handelssystem på lik line med andre verdipapir, men registra er fullt ut nasjonale. Dei tretti europeiske landa registrerer altså sjølve kva kvotar dei har, og styrer eigenhendig registreringa av kjøp og sal. Men tryggleiken er, for å seia det slik, neppe den same i Bucuresti som i Stockholm. Heller ikkje er korrupsjon like utbreitt i København som i Sofia.

At EU-kommisjonen ikkje har gjort meir for datatryggleiken, er likevel underleg sett i ljos av det som hende i februar i fjor. Svindlarane laga enkelt og greitt falske e-brev som bad kvotemeklarar om å logga seg inn på nettsida til ymse register og der stadfesta kontoinformasjonen. I e-breva var det limt inn ei lenkje som førde rett til ei falsk nettside som registrerte ID-ar og passord. Etter at svara var komne inn, gjekk svindlaren inn i dei ulike nasjonale systema og overførde 250.000 utsleppsløyve til eigne kontoar og selde dei straks vidare. Svindelen var mindre raffinert ein eit gjennomsnittleg Nigeria-brev, om vi skal tru den amerikanske datatryggjingrådgjevaren Bob Lockart som skriv for nettsida Matternetwork.

Administrasjonen ved ETS lova straks at dei skulle gjennomføra ei tryggjingsvurdering og koma med hasteråd om tryggleik til nasjonale styremakter. Etter det har lite skjedd, særleg i Aust-Europa, som har skore i dei offentlege budsjetta. No er rett nok ikkje skorten på handling uvanleg. EUs kvotesystem er eitt av desse systema som ser bra ut på papiret, men som slit i møte med røyndomen, og det jamvel om, som FT skriv, ingen skulle tru at «noko så luftig som CO2-utslepp drog til seg tjuvar».

Vore gjort før
Børshandelen med CO2-kvotar som vart innførd i 2005, er i utgangspunktet einfeld. EU deler ut nasjonale CO2-kvotar, som igjen vert fordelte på ulike verksemder. Desse kvotane har ein pris, som dei fleste som er opptekne av drivhuseffekten meiner er for låg, men som industrien meiner er for høg. Dei verksemdene som ikkje treng kvotane eller driv med stadig mindre ureining, kan anten selja dei eller spara dei til framtidig bruk. Nedgang i CO2-utsleppa kan ein til dømes få til ved å flytta delar av verksemda til område av verda som ikkje driv med kvoteverksemd. Å flytta aluminiumproduksjonen til Qatar er alltid eit alternativ for europeiske aluminiumsprodusentar. Det gjev både billegare arbeidsplassar og kvotar å selja. Verksemder som derimot treng å sleppa ut meir karbondioksid, som til dømes Volkswagen i oppgangstider, må derimot kjøpa nye kvotar om dei då ikkje også vel å flagga ut.

Før spotmarknaden vart stengd den 26. januar, var den årlege omsetjinga i EU-området komen opp i 90 milliardar euro, og gjennom 2010 varierte spotprisen på eitt tonn med CO2 frå 14 til 19 euro. Det er dette som EU-kommisjonen har kalla ei europeisk løysing på eit globalt problem. Eitt av landa som har teke dette på alvor og «gone global», for å nytta den nye lingoen, er Noreg, som i dag kjøper kvotar i mange u-land, inkludert Kina, som elles har ein årleg auke av CO2-utslepp svarande til fem gong­er Noregs samla ut­­slepp. Kvifor Noreg nyttar stadig fleire milliardar på dette systemet, forklåra Jens Stoltenberg i ein tale til Aps landsmøte i 2007: «Når rike land skal bli ‘karbon­nøytrale’ (…) betyr ikke det at det skal bli null utslipp i det enkelte land. Men det betyr at for hvert eneste tonn klimagasser som slippes ut, skal det sørges for tilsvarende lavere utslipp et annet sted. Dermed blir summen av utslipp null.»

Ein av dei som er heilt samd med Stoltenberg om at systemet i seg sjølv er bra, er Connie Hedegaard, EUs klimakommissær. Ho aviser heilt at svindelen med utsleppskvotar syner at CO2-marknaden ikkje fungerer: «Jamvel om nokon ranar ein bank, tyder ikkje det at banksystemet ikkje fungerer», er hennar synspunkt.

Men diverre for Hedegaard er det ikkje berre i cyberspace ransbylgja grip om seg. Ein vel så omfemnande svindel går føre seg innanfor skattesystemet, og atter er det det vantande samsvaret mellom ein indre marknad og skort på harmonisering som syner seg. Nokre land har nemleg moms på CO2-kvotar, andre ikkje, som igjen gjev opning for at ulike firma kan kjøpa kvotar i land som ikkje har moms, for så å selja dei same kvotane i land som har moms. Men, har det synt seg, i staden for å betala inn momsen til skattestyremaktene lèt eigarane av mange av desse verksemdene seg slå konkurs og vert sitjande med nettovinsten.   

Interpool, til dømes, rekna seg i desember 2009 fram til at ymse regjeringar i EU går glipp av minst 40 milliardar skattekroner i året grunna den omfemnande skattesvindelen, og at «overslag for einskildland syner at 90 prosent av heile marknaden botnar i ulovleg aktivitet». Landa som Interpool sikta til, var Frankrike, Spania, Nederland og Storbritannia. Desse endra rett nok skattesystema sine, og då gjekk handelen ned med nett 90 prosent i desse landa, for så å gå dramatisk opp i dei nye austblokklanda.

Harmoniser!
Det som skal til for å løysa internett- og skattesvindelen, er altså harmonisering. Det liberalistiske tidsskriftet The Economist er berre éin av mange som har teke til ords for ein sams skatt for CO2-utslepp, fyrst på EU-nivå, så på globalt nivå, men sjansen for at det skal skje, det vere seg i Europa eller globalt, er nok lik null. Det ser heller ikkje ut til å vera stemning for ein eins momssats på kvotane. No pressar rett nok Tyskland på for å få ein sams kapital- og verksemdskatt i det minste i euroområdet, og lukkast Berlin i dette, kan det skapa rom for vidare skatteharmonisering i EU, men neppe på moms.

LES SISTE NYTT OM KLIMA!

Rota til kvoteproblema, fortel FT, ligg nær ti år attende: EU-kommisjonen ynskte eit sams EU-kontrollert registreringssystem, men stort sett alle EU-landa var lite viljuge til å gje frå seg den nasjonale styringa. I tillegg kom det reint praktiske: Dei ymse EU-landa hadde inngått separate forpliktingar i Kyoto-avtalen – som EU-landa elles langt på veg har halde, men ikkje resten av verda – og, vart det hevda: Det var berre fornuftig at dei som var ansvarlege for Kyoto-avtalen, også var dei som skulle ha overoppsyn med ut­­sleppa.

No set EU-kommisjonen sin lit til eit sentralt metaregister som skal koma neste år. Det nye EU-registeret skal registrera handelen i dei nasjonale registra og syta for betre overvaking, men den avtalen var det berre mogeleg å få gjennom dersom dei ulike EU-landa fekk høve til ikkje å vera ein del av registret, og då er ein kan henda like langt. I alle høve: EU-kommisjonen har gjort det klinkande klårt at dei ulike nasjonale registra berre får høve til å opna opp att dersom datatryggleiken er tipp-topp.

Bræking
Dette siste er det ikkje alle som trur på. Briten James Atikins, som er styreformann i Vertis Environmental Finance i Budapest, ei av mange verksemder som kjøper og sel kvoteverdipapir, seier det slik: Kvotefeltet «er merkt av ein skammeleg skort på politisk leiarskap og totalt fråvære av klår kommunikasjon. Byråkratane både i Kommisjonen og i medlemsstatane ser ut til å vera blinde for offentlege interesser og søkjer ly bak brækinga frå dei juridiske rådgjevarane. Å rydda opp i dette rotet er ei oppgåve verdig ein Hercules.»

LES OGSÅ: Ei verd utan fossil energi

Men marknaden ser framleis ut til å ha trua på kvotesystemet. 90 prosent av handelen knytt til utsleppskvotar er såkalla «futures», som i praksis er veddemål om kva prisen skal vera i ei gjeven framtid. Denne handelen har halde fram upåverka av stoggen i spotmarknaden. Skal desse veddemåla gje meining, må marknaden innan kort tid atter vera i stand til å setja ein pris på karbondioksid. Systemtvangen er dimed så stor at det er nær utenkjeleg at spotmarknaden ikkje kjem i gang att. Dei potensielle tapa på framtidige veddemål er altfor stor til at EU har råd til å leggja ned verdipapirsystemet som er knytt til CO2-utsleppa. EU utgjer dessutan åleine 80 prosent av verdsmarknaden.

Kvotehandelen er komen for å verta verande. Sist veke hadde seks av tretti nasjonale register på nytt vorte opna for handel.