Friluftsliv og natur gir den beste sommarferien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir den beste sommarferien

Seks av ti nordmenn skal feriere i Noreg i sommar, og halvparten av dei skal på hytta. Her er det fotturar og friluftsliv som lokkar, viser ny undersøking.

Fire av fem nordmenn drar på sommarferie i 2016, viser ei undersøking TNS Gallup har utført for NHO Reiseliv.

Av dei skal seks av ti feriere i Noreg. Nesten like mange seier dei vil feriere i eit anna land i Europa, mens éin av ti ferierer utanfor Europa.

Heile 72 prosent av dei spurde meiner at den beste sommarferien inneheld turar og naturopplevingar.

– Undersøkinga bekreftar at det å vere i fysisk aktivitet er ein viktig del av ferien for mange. Der har Noreg mykje å by på enten det er downhill-sykling på Hafjell, zip-line i Holmenkollen eller ribb-turar i Lofoten, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Mange set også pris på late dagar på hytta, tid med familie og venner og dagar fylt med mat- og drikkeopplevingar, kjem det fram i undersøkinga.

LES OGSÅ: Fjellfestivalen som ikkje liknar noko anna

Friluftsliv sentralt i ferien
I Noreg er Austlandet det mest populære reisemålet. Nesten halvparten oppgir at dei skal bruke ferien i Akershus, Oppland, Telemark, Oslo, Buskerud, Hedmark, Vestfold eller Østfold. Dernest følgjer Vest-Noreg, som 33 prosent oppgir at dei skal reise til.

Å vere ute i skog og fjell er dei mest populære sommarferieaktivitetane i Noreg, ifølgje undersøkinga. Fottur i skog og mark eller langs kysten, tur i nærmiljøet, fottur i fjellet, sykkelturar, sopptur og bærtur er dei aktivitetane dei fleste oppgir at dei vil gjere i sommarferien.

Halvparten av dei som skal feriere i Noreg, skal på hytta.

– Mange nordmenn er gjerne heile ferien på hytta, enten det er på fjellet eller ved sjøen. Det seier litt om nordmenns kjærleik til hyttelivet når fleire føretrekkjer hytteferie framfor cruise eller charterferie – dersom dei kunne velje, seier Devold.

LES OGSÅ: Sjekketriks i fjellheimen

Hytte heime – hotell i utlandet
Det er framleis folk frå Oslo og Akershus som planlegg lengst ferie. Her planlegg 46 prosent ferie på tre veker eller meir.

Mens folk som ferierer i Noreg gjerne vel hytta, vel seks av ti utanlandsreisande hotell når dei skal på ferie.

Fysisk aktivitet og friluftsliv er populære sommaraktivitetar i Noreg, men dei som skal til utlandet oppgir at dei reiser utanlands for å sikre seg sol og varme, storbyferiar, kultur-, mat- og vinopplevingar. (©NPK)

LES OGSÅ: In å vera ute