Fredsnasjonen Norge ligg på andreplass i krig

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste året har eg reist nokså mykje. Då er det kjekt å vere frå Norge. Eller rettare sagt, frå fredsnasjonen Norge. Det er kjekt å ikkje vere ei tidlegare kolonimakt, kjekt å ikkje ha forsøkt oss på europeisk herredøme ved å undertrykke alle andre. Vi er kanskje ikkje så kjende i land langt borte, men det vesle folk faktisk veit om Norge, er hyggelege greier.

«No way to Norway»
Når eg er ute på tur, har stort sett alle eg møter eit veldig godt intrykk av Norge. Velferd, fordeling, nordlys, laks, natur og norrøn mytologi – ja til og med «Lilyhammer» – er dei svært begeistra for. Det einaste dei ikkje likar, er kulda og «no way to Norway»: At vi ikkje slepp inn mange asylsøkjarar og ikkje-europearar.

Dette står i stor kontrast til det venene mine frå USA opplever når dei er ute på tur. Det er vanskeleg å slenge inn ein ubetydeleg kommentar om at ein er frå USA, eit land nesten alle har eit forhold til i ein eller annan forstand. Som ei venninne ein gong sa til meg: «You’re always The American, capital T, capital A, whether you like it or not». Som fortent, tenkjer vi kanskje? USA har jo trass alt verdas største militærbudsjett, ein aggressiv utanrikspolitikk og ein splitter gal presidentkandidat som hatar innvandrarar.

Norge er heilt annleis. Norge lar folk vere i fred, så lenge vi får vere i fred.

LES OGSÅ: – Det er eit veldig tynt skille mellom det å få poeng for å drepa i eit dataspel, og det å trykka på knappen som faktisk drep, meiner dokumentarfilmskapar Tonje Hessen Schei, som står bak Drone.

Fredsnasjon Norge
Fredsnasjonen Norge deler ut fredsprisen.

Fredsnasjonen Norge er blant landa i verda med minst kriminalitet.

Fredsnasjonen Norge vil ha likestilling og rettferdig fordeling framfor internasjonal makt. Det er dei fleste av oss samde om.

Det som ikkje diskuterast like mykje, er at fredsnasjonen Norge har deltatt i åtte krigar sidan 1990, der Storbritannia og Frankrike er dei einaste landa i verda som har deltatt i fleire.

Fredsnasjonen Norge er ein av dei 20 største eksportørane av våpen i verda.

Fredsnasjonen Norge vil på død og liv vere alliert med USA. I år gjer Norge si historisk største offentlege investering i 52 amerikanske angrepsfly, veleigna til framtidige NATO-angrep og vidare alliansebygging med USA, men nyttelause for faktisk forsvar.

Fredsnasjonen Norge har innbyggjarar som ser ut til å gje blanke faen i om vi bombar Libya sunder og saman, aukar styrkane våre i Afghanistan, eller går til krig i Syria, så lenge vi har fred innanfor våre eigne landegrenser. Så lenge dei vi er glad i er trygge, er det det same for oss. Vi har viktigare ting å engasjere oss i, som kampen mot fråværsgrensa og striden kring kommunesamanslåing.

Vi beheld glansbildet
Det er dessutan mykje hyggelegare å vere ein fredsnasjon, enn ein krigsnasjon. Og fredsnasjon ser vi ut til å vere same kva vi måtte finne på. Imaget vårt er rett og slett så sterkt av vi kan gjere kva faen vi vil og framleis behalde glansbilde-imaget vårt. Fredsnasjonen Norge er ein ulv i forkledning, medan USA er avslørt for lenge, lenge sidan.

Det som er nytt i norsk utanrikspolitikk, er ei grundigare undersøking av krigføringa vår i ettertid. Human Rights Watch har gått ut med sterk kritikk mot NATO og Norges bombing av Libya i 2011, og for eit par dagar sidan slo Afghanistan-utvalet fast at bidraget vårt i Afghanistan var mislykka utanom alliansebygging med USA. Dei etterlyser ein meir kritisk debatt rundt deltaking i internasjonale operasjonar i framtida, men eg frykter at vi er så opptatte med å diskutere fråværsgrensa og andre kvardagsnære problemstillingar, at vi ikkje ein gong får med oss oppmodinga. Så drit i fråværsgrensa! Fredsnasjonen Norge fell i grus, folkens.

Meir om krig og norsk våpeneksport:

Det norske demokratiet fyller 200 år. Samstundes kan militært materiell med norske røter hamne i fleire undertrykkande regime. Er det greitt?

Konflikten mellom Israel og Palestina er også ein kamp om orda – og orda er slett ikkje utan betyding. Finst det fleire sanningar om konflikten?