– Fransk og tysk har ei høgare stjerne enn urdu og somalisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må verdsetta tospråklegheit

– Eg meistrar tre språk. Det er somalisk som er morsmålet mitt. Norsk som andrespråk og så har du engelsk som tredjespråk, forklarar Qaman Musse på kav stavangersk.

Framtida møter han på Universitetet i Oslo etter førelesninga med François Grosjean, professor emeritus ved Université de Neuchâtel i Sveits.

Professoren, som har fordjupa seg i fleirspråklegheit, definerer ein fleirspråkleg som «ein som kan to eller fleire språk – eller dialektar».

I høve den europeiske språkdagen 26. september er Grosjean på Universitetet i Oslo for å halde føredrag om fleirspråklegheit og den norskætta amerikanske språkforskaren Einar Haugen (1906-1995).

– Du må ikkje bli fødd med to språk. Éi av mange mytar om fleirspråklegheit er at du må ha foreldre som snakkar eit anna språk, men du kan bli fleirspråkleg kva tid som helst. Dei fleste born startar som eittspråklege, forklarar Grosjean til ein fullsett sal.

Blir elevar med nynorsk i opplæringa smartare enn bokmålselevar? Les innlegget!

Somalisk morsmål
I denne salen sit ungdomsskulelærar Qaman Musse, som tek årsstudium i norsk som andrespråk (NOAS) på universitetet.

Då Musse kom til Noreg frå Somalia var han nesten 9 år og hadde lært å lese og skrive i heimlandet. Han hadde morsmålsopplæring gjennom heile barneskulen og heime gjekk det på somalisk.

– Eg vaks opp med åleinefar. Pappa snakka nokre gongar norsk, men eg foreslo at han byta om til somalisk fordi han beherska det betre, ler Musse.

– Eg vil sei at eg er veldig sterk i begge språka, men nokre gongar når eg forklarar ting på norsk for elevane mine i klasserommet, så står eg fast. Då likar eg å bruka andre språk, som engelsk. Eg brukar aldri somalisk. Men norsk er jo eit språk som eg lærte etter at eg var ni år gamal, så eg kjem aldri til å bli like god som andre, forklarar Musse.

35-åringen har mor frå Eritrea, men fordi han aldri lærte språket, kjenner han at han ein viss distanse til det eritreiske samfunnet.

– Det har noko med identitet å gjera. Eg blir litt fattigare fordi eg ikkje kan det andre morsmålet mitt.

Dynamisk språkutvikling
– Ein har jo valfag fransk, tysk, italiensk og spansk på skulen. Det har jo ei høgare stjerne enn urdu og somalisk, seier Musse, som trur at lærarar med fordel kan ta inn andre minoritetsspråk i undervisninga.

Læraren trur at det kan gje desse elevane ei positiv oppleving av fleire av språka som finst i den norske skulen. 

I Noreg er kvar tredje elev fleirspråkleg, men likevel vert fleirspråklegheit sjeldan trekt fram som ein ressurs, viser ei undersøking frå 2015. Språkrådet, som bestilte undersøkinga, meiner at elevane i grunnskulen bør få undervisning i fleire språk enn norsk og engelsk tidlegare enn dei gjer i dag.

LES OGSÅ: Lite framandspråk i skulen: Kva kostar det oss?

Kulturkonflikt
Ifølgje Grosjean er kulturkonflikten, som ofte følgjer med det å vere fleirkulturell, den verkelege utfordringa for fleirspråklege.

– Å vere fleirspråkleg er nesten lett, men å vere fleirkulturell kan vere tøffare. Når ein endrar miljø, endrar ein òg språket. Mange trur gjerne at ein endrar oppførsel, men dette skjer òg med eittspråklege. Me endrar språket etter situasjonen, seier Grosjean.

Musse opplevde ei identitetskrise i ungdomsåra. Etter å ha vekse opp med berre etnisk norske vener i Stavanger møtte han i ungdomsåra fleire med somaliske røter. 

– Eg ser jo litt annleis ut enn majoritetsbefolkninga. Eg tenkte mykje over: er eg norsk eller somaliar først? Eller er eg begge delar? seier Musse, som landa på sistnemnde.

Han har likevel kjent litt på at han skifta identitet med språket. 

– Når eg snakkar norsk har eg ei litt rolegare tone. På somalisk blir det kanskje litt meir trykk på orda, litt maskulint og røffare. Eg føler meg kanskje litt meir dominant når eg snakkar somalisk. Folk høyrer kanskje litt etter då, seier Musse, som trur det har med tonefallet å gjera. 

LES OGSÅ: Lær eit språk – hald hjernen yngre

– Viktig at skulen og samfunnet verdset fleirspråklegheit
Grosjean peikar på at skulen ofte er uroa for at fleirspråklegheit skal gå ut over majoritetsspråket.

– Men det er viktig at skulen og samfunnet verdset fleirspråklegheit. Eg veit ikkje korleis det er i Noreg, men nokre land ligg langt bak og trur at fleirspråklegheit er dårleg for barn. Det viktige er å ha positive haldningar til språka barn veks opp med. Haldningar er avgjerande, understrekar professoren.   

Lenge vart fleirspråklegheit sett på som utelukkande negativt, men dei seinare åra har forskarar peika på at fleirspråklege har fleire kognitive fordelar, både når det kjem til å læra nye språk og at fleire språk til og med kan førebyggja Alzheimers.

Uheldige effektar av fleirspråklegheit kan vere at personen blandar språk eller ikkje klarar å kvitte seg med ein aksent.

– Offentleg høyrer eg mykje om dei negative sidene; at framanspråk kan vere hemmande for å læra det norske språket. Men mi oppleving er at det har vore veldig positivt. Det har gjort at eg kan hjelpe folk, jobbe som tolk og kanskje har det òg hjelpt meg i forståinga av andre språk, seier Musse.

Læraren ser at morsmålsopplæring i hovudstaden nesten er tabu, spesielt når det kjem til bruk av ressursar.

– Men norske elevar som bur i Spania lærer jo alle faga på norsk, fordi ein forstår at det er vanskeleg å lære faglege ting på andre språk.

LES OGSÅ: Effekten av tospråklegheit kan vere overdriven

Språkleg input
Grosjean understrekar at fleirspråklegheit er ein dynamisk prosess, men at ofte vil eitt språk dominera til ei kvar tid.

– Ein trur gjerne at tospråklege er to eittspråklege i ein og same person, men dei vil sjeldan dekkje alle områder i livet med eitt språk. Det forklarar dominans. Dei fleste er sterkare i eitt språk. Men dei bruker gjerne ulike språk til ulike føremål og personar. Forskjellige språk til forskjellige situasjonar, forklarar Grosjean, som kallar dette for komplementærprinsippet.

For foreldre med eit minoritetsspråk kan det vere vanskeleg å læra borna minoritetsspråket. Ein viktig faktor er at borna må føle eit behov for språket for å kommunisera, anten det er med familie, barnehage, eller  for å sjå på tv.

– At eit språk dominerer er normalt, difor treng ein å jobbe med det svakaste språket. Språk kan forsvinna, difor treng dei input. Det er ikkje nok med nokre timar i veka. Det er heller ikkje nok å berre sjå ein dvd, ein treng ein ekte person. Mange foreldre vel å snakka eit språk heime og la skulen ta det andre språket, forklarar Grosjean.

LES OGSÅ: Berre 20 personar snakkar dette språket

Foreldrefella
Som tobarnsfar beit Qaman Musse seg merke i Grosjan sine refleksjonar rundt det å læra borna to språk.

– Kona mi er òg frå Somalia, men me snakkar norsk saman, difor har det vorte naturleg å snakka norsk til borna våre. Eg har tenk at det er best å snakka det språket ein meistrar best heime, men det har plaga meg litt at eg kanskje aldri kjem til å klara å læra døtrene mine somalisk, seier 35-åringen, som no har fått fleire tips til korleis oppdra fleirspråklege barn.