Tema: Nynorsk

Framleis nynorsk for Kari Traa

– Den arva som språket representerer og den tilknytinga merkevarene har til Voss er verdifull.

LNK.no
onsdag 15. september 2010 10.34

Framleis nynorsk for Kari Traa Kari Traa-merkevara vil framleis bruka nynorsk.

Sjølv om Skigutane har blitt kjøpt opp og slått saman med Active Brands, vil framleis merkevarer som Kari Traa og Vossatassar marknadsføre seg på nynorsk.

– Det er noko av de vi verdset mest med Skigutane, seier Øystein Bråta i Holta Invest til til LNK.

– Den arva som språket representerer og den tilknytinga merkevarene har til Voss er verdifull. Her blir det inga språkleg endring.

Hotla Invest gjekk i vår inn som investor i Skigutane og samstundes slo Skigutane seg saman med Active Brands til eit selskap med 140 tilsette. Skigutane hadde då med seg 130 tilsette samt merkevarene Kari Traa, Vossatassar, Bula, Åsnes, Extrem og Linken. Selskapet er no inne i ein prosess kor ein ser på vidare utviklingsmulegheiter for Skigutane, seier Bråta.

 

ARNE HJELTNES: Nynorsk gjer jobben


Oppdatert: onsdag 15. september 2010 10.34
Kommentarar 0