Framleis mangel på helse- og omsorgsarbeidarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er framtidas yrker

Sysselsettinga i petroleumsnæringa vil gå nedover i tida som kjem. Samstundes vil næringar som nyttar personar med lang utdanningslengde vekse. Det går fram av ein rapport om sysselsetting og utdanningsval fram mot 2035 som Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte tysdag.

Framtida på arbeidsmarknaden ser lys ut for forskarar som vil satsa på konsulentbransjen eller ulike interesseorganisasjonar. Det vil òg truleg verte behov for folk som kan kursa næringslivet.

LES OGSÅ: Ni av ti unge vil ha fast jobb

Fall i olje, vekst i tenester
Rapporten viser til at det arbeider mange med vidaregåande fagutdanning og lang utdanning i olja. SSB spår at nedgangen i etterspørselen etter vidaregåande fagutdanning i denne sektoren vil bli motverka av auke i andre næringar, spesielt innan bygg og anlegg.

Fram mot 2035 vil tenestesektoren veksa mykje også mykje. Dei næringane som nyttar tilsette med lang utdanning, veks sterkast. Forsking, forretningsmessig tenesteyting og helse og omsorg er døme på slike næringar.

LES OGSÅ: Her er dei ti vanskelegaste jobbane å finna folk til

Mangel på sjukepleiarar
I framtida vil det bli spesielt stort behov for lærarar, helsefagarbeidarar og sjuke- og vernepleiarar.

Om nokre år, når økonomien tar seg meir opp, kan det også bli mangel på personar med yrkesfagleg utdanning innan bygg og anlegg. Her peikar statistikarane på det store fråfallet i vidaregåande skule som ei årsak til ein forsiktig vekst i arbeidsstyrken med slik utdanning.

Samanlikna med tidlegare analysar viser rapporten likevel høgare etterspurnad etter personar med høgskule- eller universitetsutdanning, og lægre etterspurnad etter personar med utdanning på vidaregåande nivå. Dette er forklart med fallet i oljenæringa og veksten i tenestenæringane.

LES OGSÅ: «Eg har høyrt folk presentere seg med «berre» tømrar»

Auke i teoretiske fag
SSB sine analysar viser aukande etterspurnad etter folk med utdanning innan økonomi og administrasjon, juss, samfunnsvitskap og humanistiske fag. Samstundes spår dei enno større vekst i kor mange i arbeidsstyrken som har slik utdanning, fordi det er fleire som utdannar seg i desse faga enn det er som går av med pensjon kvart år.

På grunn av oljefallet er det rekna å bli noko færre sysselsette med ingeniørutdanning dei neste 20 åra. Samstundes blir det fleire sysselsette med teknologisk eller naturvitskapleg utdanning på masternivå.

LES OGSÅ: Fornybar energi trengs, men jobbane er få