Frå raudt til grønt?

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag var det debatt på Kulturhuset med sentrale ungdomspolitikarar i regi av Tankesmien Agenda. Eit av dei meir kuriøse tema som vart bragt på bane denne kvelden var «i ei verd der ditt parti ikkje eksisterte, kva ville du stemt på då?». Det vart understreka at det berre var rom for eit svar, og ingen bortforklaringar.

LES OGSÅ: Skal leia Senterungdommen

Hella mot Venstre
Fleire av politikarane gav si umiddelbare støtte til Venstre. Mellom anna Sandra Bruflot, 1.nestleiar i Unge Høgre.

– Dei er bra på personvern og flinkare til å vere progressive i ruspolitikken enn det Høgre er.

Talsperson i Grønn Ungdom, Anna Serafima Svendsen Kvam, gav også si støtte til Venstre.

– Eg vekslar mellom dei to andre beste miljøpartia, Venstre og SV, og som samstundes har den mest solidariske flyktningpolitikken saman med KRF – det skal de har. Per no må det bli Venstre.

LES OGSÅ– Vi som skal leve i 2060 må røyste

Eit parti også for ikkje-distrikta?
At Senterpartiet er eit kjært parti i distrikta er det ingen tvil om, men kan det også vere eit kjært parti på Youngstorget? Tydelegvis. For bortsett frå Venstre er det dette partiet som kan vente seg flest nye og allereie sentrale politikarar om partikartet skulle skrumpe inn, skal ein tru svara politikarane gav.

– Det måtte blitt Senterpartiet, fordi dei har ein jovial partileiar. Ein grønn sosialist, sa AUF-leiar Mani Hussaini.

Ei anna som også gav si støtte til Senterpartiet, og som kanskje var kveldens største overrasking var Rød Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen

– Eg er både odelsjente og oppteken av distrikta, så Erling – du hadde hatt mi stemme då.