Frå husmor til yrkesaktiv

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk-pakistanske mødre går frå eit liv som heimeverande til eit liv der yrkesdeltaking og barnehage er sjølvsagt, i laupet av berre éin generasjon. Det skriv Universitetet i Oslo.

Dei første arbeidsinnvandrarane frå Pakistan kom til Noreg på 60-talet. I dag bur det over 30 000 norsk-pakistanarar her. Litt under halvparten er andregenerasjons innvandrarar, altså barn av dei som flytta hit.

LES OGSÅ: Eitt skritt nærmare jobb

I ei ny doktorgradsavhandling har Marjan Nadim ved Insitutt for samfunnsforsking, studert kva andregenerasjons innvandrarkvinner tykkjer om å delta i arbeidslivet.

Høgare deltaking enn mødrene
– Om dei skal jobbe eller ikkje ser ikkje ut til å vere eit relevant spørsmål for desse kvinnene. Spørsmålet er heller korleis dei skal kombinere familie og arbeid, seier Nadim til UiO.

Kvinnene har noko lågare yrkesdeltaking enn norske majoritetskvinner, men mykje høgare deltaking enn sine mødre. Medan kring 30 prosent av innvandrarkvinnene frå Pakistan deltek i arbeidslivet, gjer nesten 60 prosent av døtrene det same.

LES OGSÅ: Ny rekord i tvangsutsendingar

Nadim intervjua 14 kvinner som har vakse opp i Noreg med pakistanske foreldre, for å sjå nærare på skilnadane mellom generasjonane. Ho intervjua også fem ektemenn.

Forskaren fann mellom anna ei positiv haldning til kvinners arbeid og til barnehage.

– Nokre av kvinnene sa rett ut at dei meinte det var betre for borna å vere i barnehage enn heime med mor. Dette er i sterk kontrast til mødregenerasjonen. Fleire av kvinnene fortalde at mødrene deira var uroa over at dei har barnebarn i barnehagen, seier Nadim.

Nadim fann likevel at døtrene opplevde støtte heimefrå.

– Kultur er ikkje statisk
Ei forklaring på utviklinga kan vere den norske kulturen, der likestillingsidealet står sterkt. Noreg har også ein familiepolitikk som legg til rette for kvinners arbeid.

Nadim meiner difor at både institusjonelle og kulturelle rammer er med på å forklare den dramatiske endringa frå ein generasjon til den neste.

– Somme ser på kultur som noko statisk som vert overført mellom generasjonar. Mine funn tyder på at det er svært store endringar frå ein generasjon til den neste. Innvandrarkvinnene eg intervjua, snakka som etnisk norske middeklassefamiliar. Dei tek barnehage for gjeve, og har dei først teke ei utdanning, vert arbeid sett på som det naturtlege valet.

LES OGSÅ: Berre fire av ti innvandrargutar fullfører vidaregåande