Frå Fifty Shades til Hamsun

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg må advare mot sterke sitat, de får sjå blygt vekk om det blir for mykje.

Anne-Pia Nygård tek mastergrad i erotisk litteratur på nynorsk ved Høgskulen i Volda. Under Forskningsdagane delte ho av sin kunnskapen om litteratur til 10-15 frammøtte, som vart servert ein god dose saftige skildringar på morgonkvisten. Men erotikk i litteraturen er ikkje berre antydningar til, eller skildringar av samleie, fortel masterstudenten.

– Erotikk er ikkje synonymt med pornografi. Det er noko subtilt, ein kjensletilstand. Ein skriv om erotikk for å forstå noko djupare i mennesket, medan pornografien har som mål å skape lyst hos lesaren, fortel Nygård.

– Det kan like gjerne vere undertonar av lengslar og kjensler, som direkte utbroderingar av akta.

LES OGSÅ: Michelet mønstrar på igjen

Erotiske eventyr
«Den norske kjærleik er mørkets kjærleik. Einslege netter i skam.»

Slik skildra forfattaren Liv Nysted den norske blygheita. Men kikkar ein tilbake i historia, er ikkje me nordmenn like inneslutta som ein skulle tru.

– Når Asbjørnsen og Moe samla inn dei norske folkeeventyra, måtte dei skille ut ei samling eventyr som vart for dryge for samtida. Desse vart gitt ut i begrensa opplag på 200 bøker, og inneheld erotiske, vulgære og morosame historiar frå kvardagslivet på bygda, fortel Nygård.

Synet på kvinna og seksualiteten på 1800-talet opna ikkje for dristige fantasiar. Men i eventyra vart tabua lagt igjen på dørstokken, og til og med presten fekk gjennomgå.

– Folkeeventyra vart brukt som kritikk av makttilhøve, ein gjorde til dømes narr av presten. Kvinna spelte ei framtredande rolle, og trass i haldningane elles i samfunnet, var det i eventyra ofte kvinna som fekk gå sin veg tilfredsstilt.

LES OGSÅ: Knekkebrød, gjedder og glitterlim

Erotikk i høgkultur-form
«Fifty shades of grey» av P.D.James går sin sigersgong gjennom trauste Noreg. Bondage og sex står øvst på bestselgarlistene og på utstilling i bokhandlane. Men serien er slett ikkje den første av sitt slag i Noreg, fortel forfattar og masterstudent Nygård.

– Knut Hamsun skreiv til tider svært erotisk. Pan er nesten som 1800-talet sin Fifty shades of Grey. Vigdis Hjorth er også kjend for sin direkte måte å skrive om sex. Av nynorskforfattarar har ein bl.a. Ragnar Hovland, Olaug Nilssen og Arne Garborg som brukar meir eller mindre erotiske referansar.

Medan Hamsun og Hjorth er annerkjende som ein del av den høgkulturelle sida av norsk litteratur, forblir andre gøymd under madrassene. Kiosklitteraturen, også kjend som ”husmorpornoen”, blir ikkje sett i same hylle som dei store.

– Kiosklitteraturen har ikkje vore sett på som god litteratur. Ein gjekk ikkje på biblioteket å lånte «Sagaen av Isfolket» av Margit Sandemo, det var lågkultur. Erotikk i høgkultur-form, av dei store forfattarane, har vore akseptert i mykje større grad, fortel Nygård.

P.D.James har klart å snike sin dristige triologi forbi kategorien ”kiosklitteratur”, og inn i kategorien for ”trendy og frigjort”.

– Me var kanskje modne no. Me er vande med nakenheit, tabua er færre. Men dei er der. Kanskje er ikkje det å bli kvitt alle tabua eit mål i seg sjølv. Noko som kjenneteikner erotikken er det mystiske, det du ikkje har lov å lese er sjølvsagt mykje meir spennande, smiler masterstudenten.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Utøymeleg kjelde
Nygård syner til den italienske sosiologen Fransesco Alberoni for å forklare kvifor erotikken får plass i litteraturen; «Erotikk tek stor plass hos menneska, fordi den får næring frå ein utøymeleg fantasi». Difor finn også masterstudenten sjølv stoff til si oppgåve både i dikt, eventyr, i klassikarar på biblioteket og i bokhylla på Narvesen.

Anne-Pia Nygård finn stoff til oppgåva si både i dikt, eventyr, i klassikarar på biblioteket og i bokhylla på Narvesen. Forklaringa på dette finn ho hos den italienske sosiologen Fransesco Alberoni; ”Erotikk tek stor plass hos menneska, fordi den får næring frå ein utøymeleg fantasi”.

– Alle har sine eigne forventningar og oppfatningar til korleis erotisk litteratur skal sjå ut, men dei fleste har også eit forhold til erotikk, fortel Nygård.

– Så du må jo skrive om sex. Det sel jo.

LES OGSÅ: – Han har berre hiv

Faktaboks

Er det Hamsun eller er det Fifty shades of grey?

«Det kan undertiden vere nogen nytelse å bli trukket efter håret. Så forvendt kan et menneskes sind bli. Man kan bli trukket efter håret nedover dal og popber berg, og hvis en spør hvad det da er som foregår så kan man svare aldeles henrykt: Jeg trækkes efter håret! Og hvis det spørres: Men skal jeg ikke hjelpe dig, befri dig? Så svarer man: Nei. Og hvis det spørres. Men holder du det ut? Så svarer man: Ja, jeg holder det ut, for jeg elsker den hånd som trækker mig.» (Knut Hamsun – Pan)