FpU startar opp i Spania

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For ti år sidan starta Carl I. Hagen opp lokallag for moderpartiet i Torrevieja. No er det ungdommen sin tur.

– I Spania er det ei rekkje ungdommar som går på vidaregåande skular, ungdomsskular og har friår frå skulen. Dette er framtidas veljarar, som me ønskjer å engasjera i norsk politikk. Mange av dei ungdommane som bur her, bur her gjerne berre for eitt år, saman med foreldra sine, før dei flyttar heim igjen. Me ønskjer å ha eit tilbod til denne ungdommen, og forhåpentlegvis senka terskelen for å bli aktiv, eller delta, i politikken når dei flyttar tilbake til Noreg, seier Fredrik Borgstein (20) som er valt til leiar for ungdomspartiet i Spania.

Sjølv er han elev på den norske skulen i Rojales.

– Fleire elevar ved skulen har etterlyst politikk som fag. Mange elever er nysgjerrige på politikk og då meinte eg noko måtte gjerast. Det er politikk i alt rundt oss i dagens samfunn, seier Borgstein til Spaniaavisen, som først omtala oppstarten av lokallaget til Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Spania.

No set FpU i gang ein stor verveoffensiv mot ungdommen som går på skule her, og satsar på å tilby eit godt aktivitets- og kurstilbod.

LES OGSÅ: Rekordstore ungdomsparti

– Kvifor satsar FrP så pass sterkt blant nordmenn i Spania?

– I Spania treff du gjerne nordmenn med helseproblem, som har blitt nødt å flytta til eit varmare strøk for å kunne ha eit verdig liv. Mange opplever ei drastisk forbetring i helsa når dei flyttar til Spania, og behovet for mange medisinar forsvinn med ein auka livskvalitet. Dette er gjerne menneske som har opplevd det å stå i helsekøar, opplevd den allergien dei raud-grøne har mot private sjukehus og helseføretak, og som ser det at med FrP ville ting vore annleis. 

– Kva kan Noreg læra av Spania?

– Noreg kan læra av utelivspolitikken, me i FpU har lenge kjempa for lengre opningstider, senking av avgifter på alkohol og å fjerna absurde forbod mot at stader som sel mat må stenga tidleg i helgane. Me opplever i dag at det er mykje problem med alkohol i Noreg, mykje vald, for høgt inntak av alkohol og faktisk ein del ulukker i samband med inntak av alkohol. Eg seier ikkje at det ikkje skjer i Spania òg, men det er ikkje taxikøar, folk forlét nattklubber etter eige ønskje når dei har fått nok – dei blir ikkje kasta ut halv tre – og har jo derfor følgjeleg eit lengre tidsaspekt å konsumera alkohol på. I Noreg stenger utestadene halv tre, ein må drikka på vorspiel – for på by´n kostar det skjorta, ikkje det at Vinmonopolet er noko billig heller. Ein må stå i taxikø, med andre personar som har konsumert mykje alkohol, og det oppstår bråk. 

– Infrastrukturen i Spania er god, dei har flotte vegar som bind landet saman, og som gjer det lettare for transportnæringa å driva ein lønsam verksemd.

LES OGSÅ: FrP og SV føreslår flest forbod

– Kvifor blei du med i FpU?

– Eg har sjølv fått erfart at politikk er eit viktig emne å læra om på skulen, og då me i forkant av stortingsvalet i 2009 lærte mykje om dei forskjellige partia på skulen, leste partiprogram og hadde debattar med kvarandre som "forskjellige parti", fikk eg ein god innsikt i kva Framstegspartiet ønskjer å endra i Noreg – i tillegg til kva dei stod for. Eg melde meg så inn i FpU og FrP, og har sidan vore aktiv på ein rekkje nivå i både FpU og FrP.

– Kva saker er det du brenn for?

– Personleg brenn eg for skulesystemet, eldreomsorg og helsepolitikk. Det er viktig å ta godt vare på dei eldre. Eg har sjølv eit familiemedlem på eldreheim, og veit at ein dag er det mine foreldre sin tur til å vera på ein eldreheim. Me er nøydd til å ta vare på generasjonane før oss, og gi dei ein verdig eldreomsorg.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?