FpU følger ikkje med i klimatimen

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han påstår i eit innlegg skrive for fpu.no at det er ikkje er miljøvennleg å slutte med norsk olje og gassutvinning. Juel meiner vi ikkje kan slutte å utvinne norsk fossilenergi før anten 1) det ikke er ei drope olje igjen, eller 2) fornybare energikjelder utkonkurrerer dei fossile på verdsmarknaden.

Veit ikkje Juel at gass ikkje kan utvinnas utan å pumpe opp olje på same tid? Eller at energimarknaden er i drastisk endring nett no? Til dømes har solkraft hatt ei årleg vekst på 40 prosent sidan 2004. Dette ser ut til å ha gått sentralstyret i FPU hus forbi.

LES OGSÅ: I tåkeheimen – reisebrev frå ONS

Direkte klimafiendtleg
Sjølve utsegna om at norsk olje og gass kan redde verda ved å røyke ut kol frå marknaden er ikkje berre feil, men også ein direkte klimafiendtleg premiss. Det ligg nemleg implisitt i denne påstanden ein idé om at ingenting kjem til å endre seg i den globale energimarknaden i i åra som kjem. Trur ein på dette kan ein jo berre slutte å drive med “klimapolitikk” først som sist.

Heldigvis treng ein ikkje anna enn å oppdatere seg på vanlege nyhende for å oppdage at Juel allereie har tatt feil. Kina er i ferd med å firedoble satsinga si på solceller. Prisen på fornybar energi søkk år for år. At Noreg investerer 200 milliardar kroner i ein bransje på hell er økonomisk risikosport, nettopp fordi dei fornybare energikjeldene er på frammarsj.

Rapporten til Holden-utvalet og tal frå Carbon Tracker Initiative er døme på analysar som underbyggjer dette. I ei slik verd er argumentet Juel legg frem på vaklande grunn økonomisk, så vel som klimafiendtleg.

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva

Som å tru på julenissen
Ein kan altså slå fast at å tru fullt og fast på fortsett veksande fossilrikdom i uoverskodeleg framtid er som å tru på julenissen. Men la oss for ei lita stund late som om Juel sitt premiss held vatn. Gitt at Noreg faktisk kunne halde fram med å tene pengar på å eksportere olje og gass dei neste hundreåra, klarer han å rettferdiggjere ein slik politikk utelukkande i eit klimaperspektiv?

Svaret er sjølvsagt nei. Juel viser ikkje til ei einaste kjelde for å vise at norsk fossilenergi per i dag erstattar eit gram kinesisk kol på den globale marknaden. Han kan heller ikkje vise til forsking som seier at meir tut og køyr på norsk sokkel vil gi grøne tal i den globale klimarekneskapen dei neste tiåra.

SSB la derimot fram ein rapport i fjor som viste følgjande: globale utslepp vil ikkje auke om vi reduserer norsk gassproduksjon. Men: om vi reduserer norsk oljeproduksjon vil dei globale utsleppa verte redusert.

LES OGSÅ: Eit syskenskap djupt som jorda

Planeten vil ikkje tole meir
Tala frå FN sitt klimapanel er dystre, men sørgjeleg enkle: Vi har allereie funne for mykje fossil energi. Planeten vil ikkje tole at vi tar opp meir enn to tredjedelar av dei reservane vi kjenner til i dag. Då hjelper det forsvinnande lite om eit land har bittelitt “reinare” produksjon enn eit anna. Utsleppa frå forbrenningsprosessen er nøyaktig dei same i alle høve.

Om Norge skal sitte på gjerdet og vente på at verdssamfunnet finner den magiske klimaløysinga gjer me oss sjølv ei bjørneteneste, medan me let planeten segle sin eigen sjø. Me kan nemleg bidra til å utvikle dei grøne løysingane nettopp fordi me forvaltar ein gigantisk oljeformue, og har kompetanse i verdsklasse innanfor sektorar som til dømes offshoreteknologi. Å seie frå seg dette ansvaret er svært urettferdig overfor dei kommande generasjonane, og uansvarleg i eit norsk økonomisk perspektiv.