Fosse får ny utanlandsagent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Winje har gjennom det nystarta firmaet Winje Agency på kort tid forhandla fram meir enn femten kontraktar for ulike verk av Jon Fosse, fortel Samlaget.

– Interessa for Fosse er svært stor i utlandet. Til no er det dramatikaren Fosse som har vore mest kjent internasjonalt, men no blir prosaen i stadig større grad omsett og gitt ut. Dei prislønte barnebøkene hans er òg aktuelle for sal til utlandet, seier Winje i ei pressemelding.

Fosse er omsett til over førti språk, og Winje fortel at både dikt, essay og skodespel er etterspurde. Dikt i utval kjem snart ut på fransk, Melancholia I og II er under omsetjing til tyrkisk, mens Det er Ales skal ut på brasiliansk-portugisisk og tyrkisk. 

Det britiske forlaget Fitzcarraldo Editions har elles alt sikra seg rettane til det kommande sjubandsverket Septologien. Dei to første banda av verket skal lanserast på fleire språk under bokmessa i Frankfurt i 2019.

Winje er òg internasjonal agent for forfattar Ruth Lillegraven, som i desse dagar er aktuell med dokumentarboka "Å lytte til hakkespetter".

Gina Winje har lang erfaring frå den norske forlagsverda, mellom anna som direktør for Norla – Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet og som utanlandssjef i Aschehoug.

Les meir om Jon Fosse HER.