Fosse-dikt i ny tonedrakt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «Songar» er vakre tekstar om livet som skrik etter å verte tonesett, seier bergensmusikar Klaus Vatne i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Fosse-premiere til Festspillene 

Nye spel
Vatne har plukka dikt frå Jon Fosse si samling «Songar» frå 2009 og har sett melodiar til orda. Under Festspillene i 2010 danna dikta grunnlaget for verket «Åresong», som Gabriel Fliflet komponerte musikken til. Dikta, som Jon Fosse skreiv på bestilling frå Festspillene, er no vorte nye songar – komponert og framført av Vatne med band.

Det er gått nesten eit år sidan Klaus Vatne med band for fyrste gong presenterte elleve «Songar» for publikum. No har dei teke tekstar og melodiar inn i studio, og er aktuelle med førstesingelen «Første hundesong».

Til Bergens Tidende kallar Vatne stilen for visepop med islett av jazz. 

– Det er spesielt stemninga i tekstane som grip meg og eg håpar denne vert spegla i musikken, seier Vatne.