Først ute som fast spaltist på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første faste nynorsk-spaltist

Saka var først hos Porten.no

Ho er dermed den første nynorske kommentaren på denne sida. Det er også den første nynorske journalistiske teksten nokonsinne på Egmont-eigde Klikk.no. Først Donald. No Kvinneguiden, skriv Noregs mållag.

Les også den første spalta til Øyre på Kvinneguiden.no 

Ville ha nye stemmer
Då Susanne Kaluza nyleg vart redaktør for Kvinneguiden.no hadde ho eit ønske om å gjere litt om på sida og trengt nye stemmer. 

– Eg syns det høyrdest kjempegøy ut og hadde ønska meg ein stad å skriva denne typen meir personlige og lengre tekstar ei stund, fortel Øyre. 

Øyre, som er frå Årdal men busett i London, er frilansar og jobber mellom anna som forfattar, fotograf og bloggdesignar. Ho seier at å få ein fast jobb er den hellige gralen i frilansartilværet. Det er ein tryggleik ho set pris på å ha i baklomma når ho elles kastar seg utfor med andre meir usikre prosjekt. 

– Det gir meir rom til å vera modig, heilt enkelt, seier ho. 

LES OGSÅ: Kritisk til at kvinner ikkje slepp til som toppleiarar

Vil skriva slik at folk har lyst til å lesa
Øyre tykkjer det er kjekt at Kaluza er avslappa til nynorsk og skjønar at det ikkje treng vera ei stor greie. 

– For min del er det viktig at språk ikkje alltid må vera politikk. Det er ikkje noko eg tenkjer over medan eg skriv, anten det er bøker, spalter eller handlelister. Ein kan ikkje tvinga folk til å lesa nynorsk, men om ein skriv slik at folk har lyst til å lesa så spelar det ingen rolle kva språk det er. I mi meining er det berre sånn kan ein skapa verkeleg endring i haldningane folk har til nynorsk, seier Øyre.

I første teksten skriv Øyre om bryllauspførebuingane sine. Då ho har bydd på seg sjølv gjennom bloggen Hjartesmil.no i dei siste sju åra, er ikkje det noko som skremmer ho så veldig. 

– Eg tykkjer det er veldig tilfredsstillande å verkeleg pusha meg sjølv og skriva så ærlig at folk finn det interessant og spennande. Det er da det er skikkeleg gøy, når ein er spent på respons og er litt nervøs, fortel ho lurt. 

LES OGSÅ: – Eg(o) treng ikkje feminisme!

Personlege og feministiske tekstar
Øyre har ikkje noko bodskap ho vil nå fram med gjennom Kvinneguiden.no, men kjem til å skriva tekstar med utgangspunkt i seg sjølv. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at det er eit ønske om eit meir feministisk perspektiv i denne versjonen av Kvinneguiden. 

– Susanne Kaluza er jo ein av dei mest kjente feministane i Noreg, og eg syns det er fantastisk at ho verkeleg satsar på å laga interessant, morosamt og tankevekkande innhald for kvinner på nett. Det har vore ei mangelvare, og eg er veldig stolt over å få vera med på nysatsinga, seier Øyre. 

Medan bloggen vil vera den same, krydra med vakre bilete, podcastar, vintagefunn, mat, kvardagsmagi til jobbar, kjem Øyre til å fylla spalten på Kvinneguiden med tekstar om alt frå bryllaup, angst, døden til trivialitetar. Tekstane er lengre og meir personlege, granskande og modige. Slik ho vanlegvis ikkje tek seg tid til eller tør å skriva på bloggen, då ho sjølv må lesa alt som står i kommentarfeltet. 

– Det er spesielt gøy å nå ut til eit publikum eg ikkje vanlegvis har og bygga på lesarskaren både på bloggen og hos Kvinneguiden.

– Så må eg berre spørja. Korleis går det med førebuingane til bryllaupet i slutten av juli?

– Det går kjempefint, me er forbi dei kjedelige planleggingsfasane og kan no fokusera fullt på dei viktige tinga som å finna kvite strømpebukser og bretta papirblomar.

LES OGSÅ: Dette er verdas beste nynorske blogg