≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Verdsrommet, NASA

Forskarar har funne sju planetar som liknar på jorda

NPK-NTB
torsdag 23. februar 2017 09.33

Forskarar har funne sju planetar som liknar på jorda Bildet viser korleis overflata på den eine av planetane kan sjå ut. Bilde: NASA/JPL-Caltech

Forskarar har funne sju planetar som kretsar rundt ei dvergstjerne berre 40 lysår unna. Alle planetane liknar på jorda.

Ifølgje eit internasjonalt forskarteam er dette det mest lovande funnet så langt når det gjeld å finne liv utanfor vårt eige solsystem.

Planetane er oppdaga ved hjelp av teleskopdata. Dei er alle på omtrent same storleik og med same masse som vår eigen planet, og dei er nesten med sikkerheit steinete.

Tre av dei er perfekt plassert i forhold til dvergstjerna «TRAPPIST-1"» til å kunne ha flytande vatn som kan danne grunnlag for liv, skriv forskarane i ein forskingsartikkel som blei publisert i magasinet Nature onsdag. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?


Oppdatert: torsdag 23. februar 2017 14.31
Kommentarar



 
ANNONSE: