≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Miljø, Hav, plastikk

Forskarar finn plast i Norskehavet

I to prøver av botnsediment i Norskehavet og ved Fjørtoft i Møre og Romsdal er det funne mikroplast. 

NPK
fredag 24. februar 2017 15.06

Forskarar finn plast i Norskehavet Mareano-prosjektet kartlegg havbotnen i norske farvatn, mellom anna førekomsten av søppel. Forskarane vurderer no om dei òg skal kartleggje førekomstane av mikroplast. Foto: Havforskingsinstituttet

Forskarar ved Noregs geologiske undersøking (NGU) har funne mikroplast i botnprøvar. NGU har no sendt ytterlegare åtte prøver frå Norskehavet, Lofoten og Finnmarkskysten til laboratorieundersøkingar i Gent i Belgia. Plastanalysane skal gi svar på om kartleggingsprogrammet Mareano bør innføre mikroplastanalysar som fast prosedyre framover.

– Plast finst overalt. Det er urovekkjande, men dessverre inga overrasking at sjøbotnen òg er forureina av mikroplast, seier forskar Henning Jensen ved NGU.

LES OGSÅ: Magen på kvalen var fullstappa av plast.

Sjokkerande mykje mikroplast
I botnprøvene tatt på nesten 1.000 meters djup i kontinentalskråninga ved Storneset i Norskehavet og på 100 meters djup ved Fjørtoft, fann forskarane sjokkerande mange ørsmå mikroplastbitar.

– I prøvene var det mellom 40 og 50 partiklar per kilo sediment. Cirka halvparten av partiklane er under 0,1 millimeter, seier Henning Jensen.

– Problemet er at fisk og sjødyr et plasten. Vi finn han igjen i magesekken, men òg i vev, blautdelar og kjøtt. Dermed hamnar mikroplasten på middagsborda våre òg, seier han.

Gjennom Mareano-programmet kartlegg forskarar frå Havforskingsinstituttet, NGU og Kartverket djupne, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og botnforureining i norske kyst- og havområde. Prosjektet blir administrert av Miljødirektoratet i samråd med fem departement.

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen


Oppdatert: søndag 26. februar 2017 10.25
Kommentarar



 
ANNONSE: