Forskar: Her er den beste pizza-osten

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er den beste pizza-osten

Science Daily skriv om forskaren frå New Zealand som, på sitt vis, kan ha revolusjonert pizzabransjen. Bryony James ved Auckland University har målt kva type ost som egnar seg best på pizzaen, basert på kva folk flest tykkjer er det idealbiletet av ein pizza.

Gyllen med bobler
Det beste resultatet skildrar Science Daily ganske poetisk:

«Golden cheese with that dark toasted-cheese color scattered in distinct blistery patches across the surface with a bit of oil glistening in the valleys.»

Med andre ord – gyllen, litt grilla med bobler, og små oljespor her og der. Og kva ost passer eigentleg best til å nå det målet?

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

Ikkje Jarlsberg
Det dei kom fram til, var at ein må blanda.

Meir spesifikt skal ein blanda mozarella, som lett får bobler og blir brent, med andre ostetypar som gouda, cheddar og edamer – ostar som ikkje får bobler eller blir brent.

Det er blant anna manglande elastisitet i til dømes gouda og cheddar som hindrar boblene – men blanda med mozarella kan resultatet bli perfekt.

Hensikta med forskinga, er gi oss som brukarar, og sjølvsagt pizza-produsentane av pizza, kunnskap til å få den pizza-osten me sjølv vil ha. Visuelt sett, altså.

Vil du forstå meir av akkurat dette, kan du sjå Bryony James forklara prosjektet sjølv her.