Forfattarane løftar blikket

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 22. juli endra premissa for korleis norske forfattarar skriv. Me var ikkje lenger ein inneslutta velsmurt oljestat. Noko forferdeleg hadde skjedd her heime, seier litteraturvitar og forfattar Erik Engblad på jubileumsseminaret til Foreningen !les.

Litteraturmeldaren i Morgenbladet sat i juryen som nominerte kandidatar til Ungdommens kritikarpris 2014 og har difor lese alle dei nye norske utgjevingane som kom ut i fjor. 

Det har ført til at han har gjort seg opp nokre tankar om tendensane i norsk samfunnslitteratur i første halvdel av det som i ettertid kan verte kalla 10-talet.

LES OGSÅ: – Ungdom vil bli tatt seriøst

Arven etter 22. juli
Traumelitteratur kallar Engblad verka som ber tydeleg preg av 22. juli. Han peikar mellom anna på Brit Bildøen sin «Sju dagar i august», som vann P2-lytterane sin romanpris tidlegare i år.

Bildøen seier til Framtida på telefon at ho tykkjer det er vanskeleg å svara på kva 22. juli har hatt å seie for ho som forfattar.

– Eg trur det har påverka oss alle som menneskjer og som forfattar er det interessant å sjå på kva dette har gjort med oss. Det er naturleg at ei slik hending set kraftige spor, men akkurat korleis  er noko me vil sjå tydelegare etterkvart som tida går, seier Bildøen, som ikkje ser for seg eit skred av 22.juli-romanar, men heller ei større aktsemd i forhold til det som skjer rundt i verda og som trugar oss inni den vesle bobla vår.

Engblad ser spor etter terroråtaket på norsk jord òg i litteratur som ikkje omtalar hendingane spesifikt.

– Eg trur enkelte tema, som ytringsfridom, framandkultur og hat vanskeleg kan skildrast utan at ein tenkjer på 22. juli, sa Engblad til dei frammøtte på Læraranes hus.

Litteraturmeldar i NRK Marta Norheim lytta med stor interesse då Engblad lufta sine tankar om tendensar i samtidslitteraturen. Ho understrekar at det neppe er 22. juli  åleine som endrar litteraturen.

– Men me ser at fleire romanforfattarar, som Eivind Hofstad Evjemo og Brit Bildøen har det som referansar i bøkene sine. Slikt kjem det til å kome meir av. Når det gjeld korleis eit verdsbilde kan vekse fram i ein ung mann frå Oslo vest, er det eit stoff sakprosaen har fått vere aleine om til no, i alle fall så langt eg har oversikt.

LES OGSÅ: Flink pike – og forfattar

Økologisk blomstring
Både Engblad og Norheim har merka seg den grøne bølgja, som ofte vert omtala som økolitteratur.

Mette Karlsvik sin «Den beste hausten er etter monsun» er eit ferskt døme på litteratur som tek for seg klimaendringar og store geopolitiske spørsmål.

– Både poetar og prosaistar har meldt seg på her, menge skriv dystopiar, andre, som Geir Gulliksen, peikar på dei små og nære naturtinga som kan bli borte viss vi ikkje passar på. Miljøkrisa og ikkje minst korleis vi taklar – eller ikkje taklar – den, kjem truleg til å vere eit tydeleg tema i litteraturen framover, parallelt med bøker der naturen får større plass enn han har hatt dei seinare tiåra. Etter Mikkjel Fønhus og Finn Alnæs har det vore forbausande lite natur i den norske litteraturen, kanskje med unntak av lyrikken der det har vore noko, skriv Norheim i ein epost til Framtida. 

Både i sitt forfattarskap og som styremedlem i Forfatternes klimaaksjon §112 har Brit Bildøen teke for seg nettopp klimakrisa, eit av dei største trugsmåla verda står overfor i dag.
 
– Det er noko som skjer rundt oss no, som kjem til å få enorme konsekvensar. Akkurat korleis er ikkje så lett å sjå enno, men det er lett å skjøne at framtida kjem til å bli veldig annleis. Som vanleg borgar og som forfattar så sørgjer eg litt over denne situasjonen og dei siste romanane mine har vore eit slags sorgarbeid over alt i denne verda som i ferd med å forsvinne, forklarar Bildøen.

LES OGSÅ: Mummitroll og øksedrap

Friske røyster
Som lesar gler Bildøen seg over eit stadig større mangfald i skjønnlitteraturen, både når det kjem til innhald og form.

– Eg tykkjer forfattarane i større grad ser ut over det psykologiske i mennesket og i større grad tek for seg samfunnet og den globale situasjonen. Det kan skuldast både sjokket over 22.juli men òg ein angst for utviklinga me ser med klimaet. Det er kanskje slik at det i større grad vert sett på som ei kunstnarisk utfordring å ta inn over seg endringar som klimakrisa og finne ut kva som skjer med oss i etterdønningane av store kriser, seier forfattaren, som er oppteken av konsekvensane av å leve med eit skjerpa trusselbilete.

Å skildre kva desse truslane har å seie for menneska, psyken deira, relasjonane dei imellom, trua og framtidsvona er ei utfordrande oppgåve for forfattarar.

Bildøen er særleg oppteken av korleis forfattarar kan gjere klima og miljøøydeleggingane forståeleg for folk på ein annan måte enn dei vitskapelege rapportane.

For berre nokre år sida såg ho at dei fleste utgjevingar som omhandla klimautfordringane var dystopiar, som skildra samfunnet etter at krisa hadde skjedd.

– Kanskje er det fordi det er lettare å halde seg til kva som skjer etterpå enn kva gjer me i dag. Eg håpar at litteraturen vil halde fram med, og I større grad utforske verda slik ho ser ut i dag – både på det vesle og det større planet. Men det er mykje litteratur som ikkje vert rekna som politisk, som likevel kan lesast politisk, seier Bildøen.
 
– Det har vore mykje snakk om sjølvrepresentasjon og narsissisme i litteraturen dei siste åra. Det seier òg noko om kva samfunn me lever i. Kanskje går det an å løfte blikket enno litt meir og sjå på kva som forårsakar dette. Mykje ligg implisitt, men kanskje går det an å bli enda meir eksplisitt.

LES OGSÅ: Narkissos-komplekset

Nært slektskap
I likheit med Engblad og Bildøen, peikar litteraturkritikar i NRK Marta Norheim på korleis det første tiåret av 2000-talet i nordisk litteratur har vore prega av sjølvbiografisk dikting. Etter namn som Ragnar Hovland, Tomas Espedal, Dag Solstad og Erlend Loe, vart sjangeren meir nærgåande og kuliminerte med Knausgårds «Min kamp»-verk.
Forfattarar som Linnea Myhre og Kjersti Annesdatter Skomsvoll vidarefører den tette kroppsnære  historia, medan forfattarar som Solstad, Herbjørg Wassmo og Anne B. Ragde har utvida perspektivet og sett på slektssamanhengane.

– Svært mange yngre forfattarar skriv kroppsnært utan å nødvendigvis å skrive sjølvbiografisk, det gjeld forfattarar som Eline Lund Fjæren og Amalie Kasin Lerstang. Det er då snakk om den utsette, sårbare kroppen. Ein del yngre forfattarar skriv òg om kroppsleg og mentalt forfall i alderdommen, forklarar Norheim.

Hennar kollega Engblad ser den sjølvbiografiske bølgja i samanheng med Internett og bloggsfæra der sjølvframstillinga og det performative står sentralt.

Han peikar på den uverkelegheitskjensla som Erlend Loe skildrar i gjennombrotsromanen «Naiv. Super» allereie i 1996 og trur at eit underskot på verkelegheitskjensle kan vere grunnen til at fleire forfattarar har flytta eige liv inn i forteljinga – og framleis held seg der.

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia

Det historiske året 2014
Engblad meiner å sjå at religion er på veg inn att i den norske samtidslitteraturen og at kontekst er vorte viktigare i 2014, som har vore dei historiske romanane sitt år.

Også Norheim ser at den historiske romanen er på veg opp og fram, både som enkeltverk, men òg gjennom seriar som Britt Karin Larsens bøker om folk på Finnskogen gjennom hundrevis av år.

Lars Petter Sveen fekk tidlegare i år nynorsk litteratur pris for «Guds barn», der han valde å nytte Det nye testamente som bakteppe då han ikkje klarte å skriva om 22. juli.

– Eg er oppteken av å trekkje inn verda og tek opp store konfliktar i bøkene mine. Men då skjedde det noko så stort og brutalt i mitt samfunn, at eg fekk det ikkje til. Difor er «Guds barn» mitt forsøk på å skriva inn det gode. Sjølv om vondskapen finst, siver ljoset inn og menneska kan gjere godt. Det er min personlege reaksjon etter 22. juli, sa Sveen til NRK då han vann prisen førre månad.

LES OGSÅ: Heidra for nyskapande bibelforteljing

Noreg – ein del av verda
Litteraturkritikaren i Morgenbladet trur ikkje at den sjølvbiografiske bølgja er over, men ser ein ny tendens i samtidslitteraturen.

– Forfattarane tør å behandle store geopolitiske hendingar og gjer dette på ein meir utåtvend og uironisk måte. Det kan synast som om den nitidige studiet av sjølvet har nådd sitt mettingspunkt etter at Noreg vart ein del av verda ein julidag i 2011, avsluttar Engblad.