Føreslår nye aldersgrenser for film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går inn for nye aldersgrenser

Den nye lova som tilsynet føreslår, har denne aldersinndelinga: Tillate for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år.

Grunngjevinga er at desse aldersgrensene samsvarer best med utviklingstrinna hjå barn og unge. Blant anna meiner tilsynet det er for stort sprang opp til den lågaste grensa i dag, som er 7 år. Det same gjeld dagens sprang mellom 11 og 15 år.

Medietilsynet trur ikkje endringane vil bli problematiske, sjølv om dei gamle grensene er godt innarbeidde.

– Dei fleste forbrukarar er i dag vande til ulike grenser på ulike plattformer, heiter det i utsegna.

Forslaget kjem fram i ei høyringsutsegn til Kulturdepartementets utkast til ny lov om vern av mindreårige mot «skadelege biletprogram».

Kva synest du? Er det på tide å få nye aldersgrenser for film? Eller funkar det bra som det er i dag?