Foreslår eit ekstra skuleår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Vi må gjere det vi kan for at ungdomsskuleelevane skal verte betre rusta til å møte dei krava som vert stilt til dei seinare, skriv Idar Flo frå Volda Venstre, i eit grunngjeve spørsmål til ordføraren i Volda.

LES OGSÅ: Frp vil ha karakterkrav for å kome inn på vidaregåande

Frivillig
I Danmark vert det gitt tilbod om eit frivillig skuleår etter grunnskulen, med vekt på basisfag og gjerne eit fag som eleven har ekstra motivasjon for.

– Når ein av tre elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring innan fem år, er det tragisk for den enkelte, og også ein stor kostnad for samfunnet, meiner Flo.

Han ønskjer at kommunen skal ta initiativ til å prøve ut eit 11. skuleår basert på den danske Xclass-ordninga.

– Eg er sjølvsagt open for at Volda kan setje i verk andre prosjekt som kan betre karakternivået på ungdomsskuletrinnet, til dømes leksehjelp eller sommarskule. Det er kommunestyret sitt ansvar at vi legg til rette for at vår flotte ungdom får ein god start på livet.

LES OGSÅ:NAV-direktør vil ha obligatorisk vidaregåande

Trygda
Ordførar Arild Iversen er samd i at det er eit stort problem at så mange ungdomar i Noreg ikkje fullfører vidaregåande skule.

– Dette vert forsterka ved at mange av desse også får problem med å skaffe seg arbeid og vert trygda tidleg i livet, seier han.

Møre og Romsdal er mellom dei fylka som kan vise best resultat, og Volda vidaregåande skule utmerkjer seg i fylket med låg fråfallsprosent.

– Vi kan likevel ikkje slå oss til ro med at mange ungdomar også hos oss ikkje fullfører den vidaregåande skulen.

LES OGSÅ: Trur kommunen kan hindra fråfall

Aktuelt
Ordføraren tenker likevel at det er usikkert om elevane som i dag fell ut av den vidaregåande skulen treng fleire skuleår.

– Vi bør først sjå på innhald og ressursinnsats i skulen innanfor dei 10 åra vi i dag tilbyr elevane. Eit meir praktisk, variert og tilpassa ungdomssteg kan auke elevane sin motivasjon og læring, trur Iversen.

Tanken om forsøk med eit 11. skuleår kan vere aktuelt for drøfting i Sjustjernesamarbeidet, legg han til.