Foreslår å forby gamle vedomnar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjera dette ulovleg

Nye vedomnar har nesten 90 prosent lågare utslepp enn gamle, og det er no på tide å forby bruken av gamle omnar for å redusere svevestøv, meiner både bransjen sjølv og Naturvernforbundet.

Utrekningar frå Sintef viser at hushald som byter gamle omnar med nye, reduserer svevestøvutsleppa med opp mot 86 prosent.

Morten Seljeskog i Sintef forklarar at forskjellen er stor, både fordi nye omnar forbrenn mykje meir av partiklane som blir utvikla når det blir fyrt, og fordi nye omnar er mykje meir effektive enn dei gamle.

Open peis verre
Forskjellen mellom open peis og ein moderne omn er endå større – 96 prosent.

Også utsleppa av dei aller minste og farlegaste partiklane (PM 2,5) blir reduserte til ein tidel. Forklaringa er at nye eldstadar forbrenn meir av partiklane. Samtidig produserer moderne omnar mykje meir energi per vedkubbe.

– Gammal teknologi er mykje meir forureinande enn ny teknologi, seier Seljeskog i ei pressemelding frå bransjeforeininga Norsk Varme.

LES OGSÅ:Difor bør du tenne frå toppen

Støttar forbod
Seljeskog støttar restriksjonar mot fyring i gamle omnar.

Naturvernforbundet meiner det er rett med ei forbodslinje i byar og tettbygde strøk som er plaga av helseskadeleg luft, og meiner også at krava til nye omnar må skjerpast.

– Vi meiner at det må forbod til for å få fortgang på utskiftinga. Vi ser at støtteordningar som enkelte kommunar har innført, fungerer eit stykke på veg, men hittil har det gått for sakte, seier Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Søknadar om byte
NTB får opplyst i Oslo kommune at det i fjor vart gitt 1.269 tilsegn til søknadar om å byte ut gamle vedomnar.

– I 2014 vart gitt 740 tilsegn, opplyser Eva Lossius Watten i klima- og energiprogrammet til NTB.

Ho seier Oslo kommune ikkje har oversikt over kor mange gamle vedomnar som finst i byen.(©NPK)