Føreslår å avvikla seniorrabattar og ekstra ferie

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Føreslår å avvikla seniorordningar

Tidlegare sjeføkonom i Nordea, Steinar Juel, har skrive eit nytt notat for den liberale tankesmia Civita om særordningar for seniorar.

I notatet, som blei lagt fram torsdag 25. august, tar han til orde for å avvikla både rabattar og andre særordningar for seniorar.

LES OGSÅ: – Dette bør dei eldre bry seg om

Pensjonistane aukar inntektene mest
Steinar Juel (bildet) viser til at alderspensjonistane har opplevd å få ei dobling av realinntekta per forbrukseining sidan 1996, medan gruppa i yrkesaktiv alder mellom 25 og 65 år berre har opplevd ein realinntektsvekst på 60 prosent. Åleineforsørgarar har hatt den klart svakaste inntektsveksten.

– Friske seniorar er ikkje ei gruppe det er grunn til å synast synd på, og som derfor treng rabattar på ulike tenester. Dei over 60 har gjennomgåande gode inntekts- og formuesforhold. Det er kanskje den sosioøkonomiske gruppa som har det best økonomisk sett, skriv Steinar Juel i notatet.

LES OGSÅ: Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle, egoistiske bandittar

Utviklinga i realinntekt per forbrukseining:

Kjelde: SSB

– Skaper kultur
Ifølgje rapporten «Ikke nødvendigvis sliten…» av Fafo, kjem det fram at ti prosent av dei offentleg tilsette hadde spesialaldersgrenser for pensjonering i 2005.

Steinar Juel vedgår at det kan vera rett med tidleg pensjon for enkelte grupper, men åtvarar mot kulturen det kan vera med på å skapa.

– Ein hører at mange er utbrente når dei kjem opp i 60-åra. For nokre er det sikkert rett, og for ein del yrke er det også rett å ha lågare aldersgrenser for pensjonering enn den alminnelege. Men det er også grunn til å tru at når det har vore gunstig med tidlegpensjon, så reduserer det motivasjonen til den enkelte til å stå lenger i jobb. Me menneske innstiller oss mentalt etter dei milepælane me veit vil koma i livet, og me blir påverka av den kulturen som blir skapt rundt oss. Spesielle seniorordningar skaper ein slik kultur, fastheld han.

– Når ein har knappe ressursar, bør velferdsordningar rettast inn mot dei som treng det mest, konkluderer Steinar Juel, som no jobbar som samfunnsøkonom for den liberale tankesmia Civita.

LES OGSÅ: Eldre blir rikare i rekordfart