Fordufte, forsvinne, fordunste

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nest største ein journalist kan oppleve, er å snakke i radioen og på tv-en om at du har avslørt at nokon overvåkar nokon. Helst statsministeren. På tredjeplass kjem sånt som å få barn. Kven som helst kan få barn. Dei færraste av oss avslører ulovlig overvåking.

Denne veka har det som kjent blitt avslørt at mobiltelefonen til mellom andre statsministeren kan ha blitt overvåka, og dei som avslørte dette er relativt fornøgde med avsløringa si.

Men dette er ingenting. Eg kan nemlig no avsløre innhaldet i meldingane som har blitt sendt frå mobiltelefonen til statsministeren dei siste dagane. Og eg er ganske fornøgd med det, må eg seie.

Eg har omsett alle meldingane til nynorsk, av personvernomsyn:

Til Siv Jensen:
Kven var dette sin idé, eigentlig? Det er mykje morsommare i opposisjon.

TIl Siv Jensen:
Berre sjå på Jonas. Herregud som han kosar seg.

Til Siv Jensen:
Tre år til? Serr?

Til Siv Jensen:
Tenkt noko på kva du skal gjere etterpå?

Til Jens Stoltenberg:
Sei frå viss det dukkar opp noko der ute då. Og husk at vi hjelpte deg til den NATO-jobben. Og god jul. Forstår ikkje heilt korleis du orka å halde på med dette i åtte år.

Til Jens Stoltenberg:
Sju år til? Serr?

Til Anders Anundsen:
Håper du har kontroll på den overvåkingssaka. Hadde vore skikkelig ugreitt om nokon las desse meldingane. He he.

Til ein rådgivar:
Sit og skriv julekort. Kva er det ho miljøministeren heiter igjen?

Til den same rådgivaren:
Og oljeministeren?

Til den same rådgivaren:
M
å eg verkelig halde den pressekonferansen for å oppsummere året? Kan ikkje journalistane berre sjå nyttårstalen som anna folk?

Til den same rådgivaren:
Okei då. Men måeg seie den der om at vi skal «fornye, forenkle, forbetre»? Det var kanskje ein god idéein gong. Men ærlig talt: Det høyrest berre kårni ut.

TIl den same rådgivaren:
Det er jo berre tre ord som begynner likt. Det gir jo ikkje meining.

Til den same rådgivaren:
Fornye, forenkle, forbetre? Eg kunne like gjerne sagt: Forderve, formane, forsvinne.

Til den same rådgivaren:
Forlate, forvirre, fordufte?

Til den same rådgivaren:
Forlange, forlange, forlange. Ha ha. Ok, skal slutte no.

Til Jens Stoltenberg:
Hei! Håper det går fint der ute. Ikkje gløym meg då. God jul. Sa eg det?

Til ein rådgivar:
Forbanne, forundre, fordunste?

Til den same rådgivaren:
Sorry. Gir meg no. Serr.

Til Bent Høie:
Du har ikkje meint noko om den sjukehussaka, håper eg? Eg har nok å stri med om ikkje statsrådane mine skal begynne å meine ting om saksfeltet sitt også.

Til Bent Høie:
Og når eg først har deg her: Husker du kva arbeidsministeren heiter?

Til Siv Jensen:
Jippi! Gode nyheiter! Det går ad undas med oljeprisen og kronekursen. No kan vi endelig vise handlekraft i tunge tider. Det trur eg vil kle oss.

Til Anders Anundsen:
Håper du har kontroll. Verkelig ugreitt om nokon les dette, altså. Serr.

Til ein rådgivar:
For lite, for seint, for dumt?

Til den same rådgivaren:
Om firepartisamarbeidet: For mange, for mange, for mange. LOL. ROFL. Eg skulle vore taleskrivar eg.

Til Siv Jensen:
Skal vi møtest og øve på alvorlige ansikt?

Til Siv Jensen:
Kva heiter forresten ho familieministeren frå partiet ditt? Sit og skriv julekort.

Til Jens Stoltenberg:
God jul. Viss eg ikkje allereie har sagt det.

Til rådgivaren:
For mykje, for mykje, for mykje. For lenge, for lenge, for lenge. Greitt. Hadet. God jul.

Til Jens Stoltenberg:
God jul! Eg har telefonen på.


Først publisert i Aftenposten 20. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!