– For mykje drikking i politikken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mykje drikking i politikken

Ungdom som er med i politiske ungdomsparti har eit mykje høgare forbruk av rusmiddel enn andre.

– Det ser ut til at det har utvikla seg ein del fuktige kulturer i desse organisasjonane, seier rusforskar og sosiologiprofessor Willy Pedersen til NRK.no.

Tysdag kveld blei det kjent at nestleiar i Venstre, Helge Solum Larsen, er skulda for valdtekt av ei 17 år gamal jente på fylkesårsmøtet til Rogaland Venstre i Suldal. Begge skal ha vore påvirka av alkohol.

Desse har alkoholforbod
I ei undersøking av statskanalen er det berre tre av ungdomspartia som har totalforbod mot alkohol på arrangementa sine.

KrFU, AUF og Sosialistisk Ungdom har forbod mot dette.

– Det er forferdeleg trist, og alkohol unnskylder ingenting, men det er også ei påminning om at det er viktig å ha klare reglar for alkoholbruk, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til NRK.no. Han oppmodar dei andre ungdomspartia til å innføra alkoholforbod.

FpU-leiar tvilar på om det blir aktuelt i eige parti.

– Me innførte eit veldig strengt regelverk i samband med Søviknes-saken i 2001, seier han til NRK.