– For menn flest

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit demokratisk problem med manglande kjønnsbalanse, seier redaktør i Fett, Hilde Sofie Pettersen.

I juni publiserte Statistisk sentralbyrå statistikken over kandidatane til stortingsvalet i år. Særskilt ei sak vart framheva av byrået, nemleg nedgangen i kvinnelege kandidatar.

Til årets val er berre om lag 40 prosent av listekandidatane kvinner. Ved stortingsvalet i 2009 var det 2 prosentpoeng fleire kvinner på listene enn i år. Likevel blei kvinnedelen på Stortinget etter valet berre 39,5 prosent.

Dermed risikerer ein enno færre kvinner på Stortinget i år enn ved førre val.

For dårleg
At det i år stiller færre kvinner til val enn for fire år sidan, synest Pettersen er for dårlig.

– Sjølvsagt er det negativt. Mangfaldet i folket bør verte spegla i styre og stell, og når ein ikkje klarar å få fleire kvinner på listene, så har ein sannsynlegvis gjort ein for dårleg jobb med å sikre ein kultur kor også kvinner vert heia opp og fram.

– Manglande kjønnsbalanse er eit demokratisk problem, og det er også eit problem om dei ulike partia ikkje tek dette på alvor.

LES ÒG: – Meir enn sju meiningar i Noreg

Kvinnefattig Framstegsparti
Framstegspartiet er verst i klassen, og på deira lister er berre om lag kvar tredje kandidat ei kvinne. Det er ei auka i mannlege listekandidatar sidan 2009, på 3,5 prosentpoeng. Men det ser ikkje partiet som eit stort problem.

– Framstegspartiet er nøgde med dei listene vi går til val med. For oss er ikkje kjønn det avgjerande, men at vi får samla ein mannskap samansett av kvinner og menn i alle aldrar og med ulike bakgrunnar og ulike interesser, seier Kari Kjønnaas Kjos. Kjos er sentralstyremedlem i partiet, og er partiets listetopp for Akershus.

Som kvinneleg listetopp er Kjos ganske åleine i partiet. For i tillegg til berre å ha 33 prosent kvinner, er partiet heller ikkje særskilt god til å setje kvinner på topp på listene sine.

Ei undersøking Framtida har gjort, syner at partiet berre har kvinner på topp på fem av nitten lister, og at det på ni av listene til partiet berre er ei kvinne blant dei fem høgaste kandidatane.

Kjos held fast ved at dette ikkje er problematisk for partiet. Ho meiner det er eit spørsmål om kva kvinnene vil.

– For FrP er ikkje dette eit problem. Dei som står høgt oppe på listene står der fordi dei har sagt seg viljuge til å stå der og er valt fram av delegatar frå lokallaga over heile landet.

LES ÒG: Dei borgarlege sviktar dei unge

– Kvotering er diskriminering
For Kjos er det viktig å understreke at dei kvinnefattige listene speglar medlemsmassen i partiet.

– Framstegspartiet har alltid hatt veldig mange fleire menn enn kvinner som medlemmar. Dette gjev sjølvsagt utslag på våre lister. Vi er grunnleggande imot kjønnskvotering, då vi oppfattar det som diskriminering. Frå våre medlemmar har det aldri vore eit ønske om dette, seier ho.

Men trass i at partiet både har flest menn på listene og på topp, meiner Kjos at partiet er eit godt val for kvinner.

– FrP har ein fantastisk politikk for kvinner. Sjølv nyttar eg fritida til å hjelpe dei som «ligger nede», og har medvitent valt FrP fordi det er det einaste partiet som erkjenner at folk er forskjellige og at gjennomsnittsløysingar er grunnen til at folk fell utanfor. Dei blir ikkje sett som dei dei er.   

Til sist vil ho gjerne legge til at kvoteringa i politikken like gjerne kan medverke til å skyve kvinner ut.

– Då eg sjølv var ordførarkandidat i Lørenskog kommune, greidde vi å mobilisere kvinner. Det enda med at vi sat att med 70 prosent kvinner i kommunestyregruppa, kvinneleg gruppeleiar og kvinneleg leiar av lokallaget.

Kjos meiner difor at kvoteringsregelen laga problem for partiet.

– Vi hadde rett og slett for mange kvinner, og fleire av dei blei nekta verv fordi vi mangla menn. Dei som ville ha verv, fekk det altså ikkje, trass i at dei var valt inn i kommunestyret. Vi måtte ringe rundt til menn nedover på lista og be dei om å ta verv. Poenget mitt er at nokre plasser er vi veldig mange kvinner, andre plassar veldig få.

Har media ansvar for kvinnemangelen?
Kjos meiner kvinneunderskotet i FrP kan skuldast måten partiet vert omtalt på.

– For kvinner flest vert det oppfatta som meir krevjande å vere medlem av FrP enn andre parti. Som aktive i FrP må vi tåle mange fleire usanne påstandar om kva vi er, kva vi meiner og kva vi står for, enn andre. Eg veit at enkelte kvinner kvir seg for å måtte stå i dette heile tida, og derfor trekker seg meir attende, avsluttar ho.

LES ÒG: – Ein vikter siger for demokratiet

Eller har Siv ansvaret?
Redaktøren i Fett, Hilde Sofie Pettersen, har ein annan teori om kvinneunderskotet i partiet. Ho meiner det verkar som om FrP på grunn av sin kvinnelege leiar ikkje tek kvinnekampen i resten av partiet på alvor.

– Dette er for så vidt ein god grunn til ikkje å røyste på FrP. Utover det, så vil eg seie at det kanskje verkar som om denne problematikken ikkje vedkjem dei så sterkt ettersom dei har ein kvinneleg leiar.

Så lett meiner likevel Pettersen ikkje at partiet slepp unna.

– Om det var sånn ville det jo vere synd, og direkte feil. Ein kvinneleg leiar og elles dobbelt så mange menn, er framleis dobbelt så mange menn. Dei bør endre tagline frå “for folk flest” til “for menn flest” om dei ikkje skjerpar seg kraftig, avsluttar ho.  

LES ÒG: Frp-duell på spørjetoppen