Folkemusikar Sigrid Moldestad prøver seg i poplandskapet

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke kom singelen «Eg vil vere her», som er ein smakebit på den komande plata til Sigrid Moldestad. Ein av grunnane til at ho har lagt eit album til 2017, er fordi det i år er ti år sidan den første soloplata hennar kom ut.

Plata som kjem til hausten har, med unntak av ein song, Sigrid Moldestad som både tekstforfattar og komponist.

– Det blir ei personleg, lita haustplate. Singelen «Eg vil vere her» skreiv eg i fjor haust. Den er prega av den gryande framtidsangsten som festar seg i kanskje fleire enn meg. Eg er mor til to barn og byrjar å tenkje på kva for ei verd me etterlét til dei, fortel Moldestad.

På den komande plata beveger Sigrid Moldestad seg meir over i poplandskapet enn ho har gjort tidlegare. Men likevel er folkemusikken alltid med, og dette kjem til uttrykk i blant anna instrumenteringa, der både munnharpe og langeleik er sterkt til stades.

– Plata kjem til å vere originalt instrumentert, veldig dynamisk, litt rocka og provosert på den eine sida, og skjør og naken på den andre sida, fortel Moldestad.

Tekstmessig vil ho både meine og melde noko.

– Det er frigjerande, men òg skremmande, seier ho.

Samspelt gjeng
Sigrid Moldestad har spelt med musikarane i bandet lenge. Og dei som er med på plata denne gongen, er Anders Røine, Jørgen Sandvik, Sigbjørn Apeland, Kåre Opheim og Anders Bitustøyl. Dei speler alle ei mengd ulike instrument i tillegg til å syngje. Dessutan bidreg Roald Kaldestad med diverse strenger, og produsent Yngve Sætre set òg sitt preg på resultatet.

– Det er ein enormt fin gjeng eg har med meg, og eg er veldig stolt av det. Dei er så sterkt deltakande i korleis uttrykket blir. Vi jobbar kollektivt i lag ut ifrå dei skissene eg har gjort, og eg har stort tillit til dei som er så kreative og skapande, fortel Moldestad.

Heilt sidan soloalbum nummer ein har Sigrid Moldestad skrive eigne låtar. Det var ein litt engsteleg og nervøs versjon av henne som spelte sin eigen song for medmusikar Sigbjørn Apeland for første gong:

– Eg hugsar eg var så nervøs då eg kom med «Samuline» til Sigbjørn. Me sat på eit lite øvingskott i Bergen, og eg skulle vise fram songen eg hadde skrive om denne speledama. Men han tok det så på alvor og gav meg sjølvtillit. Det kunne lett ha gått andre vegen, for eg kjende meg så sårbar, fortel Moldestad.

Reprise på Taus
Moldestad starta tidleg å spele fele heime i Breim. Ho var del av det første kullet som gjekk på spelemannsskulen på Ole Bull Akademiet, og ho jobba lenge som journalist og som musikar i ulike grupper og prosjekt før ho fekk sin eigen solokarriere.

Den første plata hennar, Taus, og tek føre seg dei mange speledamene frå Nordfjord og kampane dei kjempa i seg sjølv for å få uttrykkje det dei ville og få vere dei var når krefter i samfunnet ville det annleis.

– Speledamene i dette området opplevde ei endring av at det som var sosialt akseptert brått ikkje var det lengre, fortel Moldestad.

På Taus-plata skreiv Moldestad sjølv fleire melodiar og tekstar, i tillegg til at ho brukte mange tradisjonelle slåttar etter desse damene. For denne plata fekk ho Spelemannsprisen.

Under Førdefestivalen i år, skal Moldestad igjen stå på scena ei framsyning basert på Taus. «Samuline – frå fela flyg din song» er namnet på denne.

– Åra har gått så fort, men samstundes har det skjedd så mykje. Eg tenkte at det kunne vere fint å summere opp littegrann. I tillegg kjende eg på at det var på tide å minne oss på denne historia igjen.

Større ro i dag
– Kva er den største forskjellen på deg som musikar i 2007 og nå?

– Eg har litt større ro nå. Samstundes er det meir som står på spel. I 2007 var alt så nytt, og eg hadde ikkje gjort så mykje i eige namn før, så eg var heilt open. Men nå har eg smakt på litt forskjellig, og det gjev større tryggleik og ro, men plutseleg har folk forventningar til ting, og eg har ønske å oppfylle. Men dei tankane må ein fri seg litt frå.

Sidan solokarrieren starta, har det har blitt fem plater, og den sjette kjem altså til hausten. I tillegg har Moldestad laga eit songhefte med eigne songar som ho kan gjere korsamarbeid med, vore på mange lange turnear, hatt oppdrag som programleiar her og der, og samtidig laga ny musikk og tekst.

I sommar skal ho òg spele mange av songane sine på ein konsert på Hardanger musikkfest saman med kammerorkesteret Ensemble Allegria.

– Eg høyrer på nokre strykearrangement av songane mine nå, og då byrjar eg å grine. Tenk at eg skal få stå der og spele det!

Moldestad skildrar den komande sommaren som ei lang rad av høgdepunkt.

– Det blir heilt magisk. Eg skal ta meg litt fri og puste litt innimellom, og prøve å kjede meg litt. Men eg kan ikkje klage!

LES OGSÅ: Folkemusikar Odd Norstoga vil fortsatt ha betalt for musikken sin