Folk tek media med ei klype salt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 14 prosent av publikum har stor tiltru til norske medium, medan 43 prosent av norske journalistar har det same. Svenskane er aller mest skeptiske i Skandinavia.

Ifølgje ei undersøking frå Nordiske Mediedager seier heile 44 prosent av nabofolket vårt at dei har mindre eller inga tiltru til svenske medium, medan 2 prosent har stor tiltru. I Danmark har 8 prosent av sjåarane, lyttarane og lesarane stor tru på det media publiserer.

Publikum i dei tre nordiske landa har i det store og heile større tru på radio og TV enn trykte medium.

For journalistar er dette motsett, dei trur mest på det som står i avisene. Begge gruppene er temmeleg skeptiske til nettmedia. (©NPK)