Flyttar statlege arbeidsplassar ut av Oslo

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flyttar statlege arbeidsplassar

Avtalen om å flytta statlege arbeidsplassar frå hovudstaden og ut i distrikta, er ein del av avtalen om nytt inntektssystem.

– Venstre har i denne avtala fått gjennom ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar, og flytta meir makt til kommunane gjennom forsøkskommunar som får oppgåver frå NAV. Kommune-Noreg står føre ein stor, naudsynt omstilling, og med denne avtala gjev vi litt ekstra draghjelp for å gjennomføra desse viktige prosessane på ein god måte, seier André N. Skjelstad, kommunalpolitisk talsmann i Venstre, i ei pressemelding.

Avtalen mellom Høyre, Frp og Venstre blei lagt fram på eit møte i Stortinget klokka 15 torsdag.

LES OGSÅ: Fleirtal for fleire gulrøter for samanslåing

Ukjent omfang
Kva og kor mange arbeidsplasser og kvar dei skal flyttast til, vil først bli lagt fram i ein eigen plan før jul.

Men allereie no er det klart at utflytting ikkje berre skal skje til dei store byane. Også mindre byar i distrikta vil bli tilført statlege arbeidsplassar frå hovudstaden, skriv BT.

Dåverande arbeids- og administrasjonsminister Victor Norman (H) flytta 900 arbeidsplasser ut av Oslo i 2003.

Nationen skrev i november at Noreg fekk nesten 3.000 nye statlege arbeidsplassar frå mars 2013 til mars 2014. 1.300 av desse blei lagt til Oslo.

LES OGSÅ: «Pressa til eit ja»