Fleirtalet vi byte ut EØS-avtalen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kje fram i ei ny meiningsmåling, tala kjem fram i ei måling Sentio har gjort for Nei til EU som opptakt til landsmøtet i organisasjonen denne helga. 

Berre 44 prosent av dei spurde ønskjer å halde på dagens EØS-avtale, medan 38 prosent seier dei ville stemt nei i ei folkeavstemming i dag. 19 prosent svarar «Veit ikkje».

For eitt år sidan sa 56,2 prosent at dei støtta avtalen, skriv Nationen.

– Dette er ei radikal endring. Tilsvarande målingar i Klassekampen og Bergens Tidende tidlegare i 2011 har vist soleklart ja-fleirtal, seier leiar Heming Olaussen i Nei til EU til NTB.

I tillegg viser spørjeundersøkinga at det er svært mange som ønskjer å erstatte EØS-avtalen med ein handelsavtale.

På spørsmål om dei føretrekkjer EØS eller ein handelsavtale, svarer 52 prosent handelsavtale, medan berre 19 prosent står att som EØS-tilhengjarar. Kvar tredje svarar likevel «Veit ikkje» og utdjupar at dei ikkje har nok kunnskap om alternativa til EØS-avtalen eller meiner det er vanskeleg å velje mellom dei.

– Vi kan ikkje seie kva folk meiner når dei seier dei føretrekkjer ein handelsavtale, men eg tolkar svara som at folk i kvart fall ønskjer seg meir nasjonalt sjølvstyre og mindre inngriping frå EU, seier Olaussen. NPK   

 

Kva meiner du? Bør Noreg forhandle fram ein ny avtale med EU?

Faktaboks

EØS -avtalen:

– Avtale mellom EU og EFTA land(Noreg, Island og Liechtenstein)

– Vedteke 1992, tredde i kraft i 1994.

– Gjev Noreg tilgang til EU sin indre marknad.