Fleirtal positive til u-hjelp

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samstundes har likevel delen som meiner bistand gjev gode resultat vorte mindre, og interessa for bistandsspørsmål har avtatt, viser ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå.

I 1972 var sju av ti positive til at Noreg gav bistand til utviklingsland i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Nesten 40 år seinare meiner ni av ti det same. Delen positive har vore høg og stabil gjennom heile 2000-talet.

I tidlegare undersøkingar har kvinner vore noko meir positive enn menn. I denne undersøkinga virkar det likevel som kvinner og menn har vorte likare i synet på bistand.

Færre vil redusere
22 prosent av folkesetnaden meiner at bistandsbudsjettet er for stort. Dette er ein nedgang på 10 prosentpoeng frå forrige måling. På den andre sida meiner ein av ti at budsjettet burde vere større, medan halvparten meiner det er passe stort. Til samanlikning meinte fire av ti at bistandsbudsjettet var passe stort i 2006. Det er ein svært lita gruppe som meiner Noreg ikkje burde ha noko bistandsbudsjett i det heile.

I 2010 var bistandsbudsjettet på rundt 28 milliardar kroner.

Færre trur gode resultat
Undersøkinga viser ein nedgang i delen som meiner at bistanden gjev gode resultat. Sidan 2006 har delen gått ned med 13 prosentpoeng, og i 2010 oppgjev seks av ti at bistand gjev gode resultat. Det er spesielt i den yngste aldersgruppa at nedgangen har vore størst. Skilnadene mellom dei ulike aldergruppene er jamnare i 2010 enn i 2006.

LES OGSÅ: Dagsverk for utdanning

Trur mest på FN og frivillige
Norsk bistand blir gjeve gjennom fleire kanalar, og i undersøkinga har ein òg spurt om kva kanal som forvaltar bistanden mest effektivt. Dei to kanalane klart flest svarar er FN og frivillige organisasjonar. Ein av tre nemner desse to. Til samanlikning oppgjev rundt ein av ti statlege kanalar. Minst tiltru har den norske folkesetnaden til Verdsbanken og liknande bankar og det private næringslivet som kanal for bistand.

Sjølv om frivillige organisasjonar er ein av kanalane flest nordmenn har tiltru til, har delen falle sidan forrige runde. I 2006 oppgav 44 prosent at dei hadde tiltru til frivillige organisasjonar, medan i 2010 har tala falle til 30 prosent.

Faktaboks

I 2010 var Noreg det landet som gav ein høgast del av bruttonasjonalinntekta (BNI) si i bistand. Med 27,7 milliardar kroner i bistand, utgjorde dette 1,1 prosent av BNI'en.

Sjå mange tal, og lag dine eigne statistikkar på Norad sine sider!