Fleirtal i Oslo for OL-søknad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

172.837 av innbyggjarane i hovudstaden røysta ja, medan 140.982 røysta nei, fortel NRK.

Resultatet skulle ha vore klart klokka 2.30 natt til tysdag, men vart forseinka. Norges idrettsforbund opplyste til NTB at tala på grunn av tekniske problem ikkje kom til å bli presentert før tysdag morgon.
9.519 personar valde å røyste blankt, viser tala.

I Idrettsforbundet er ein glade.

– Det er ein formidabel ja-siger. No er eg veldig glad. Det var absolutt verdt å vente på, seier generalsekretær Inge Andersen i Norges idrettsforbund.

Folkerøystinga i Oslo er rådgjevande. Alle som er busett i Oslo, har røysterett og har kunna delta. Bystyret må anerkjenne resultatet frå folkerøystinga.

Kommunen har søkt om statsgaranti på 33,7 milliardar kroner. Stortinget skal til slutt avgjere saka. (©NPK)

Kva synest du om å arrangera OL i Oslo?