Fleire vil jobbe i politiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire jenter vil bli politi

Det er 73 fleire søkjarar i år samanlikna med fjoråret, og delen kvinner har auka til nær 40 prosent, viser tal som kom tysdag. Tidlegare år har delen lege på over 35 prosent.

– Det er veldig hard konkurranse om dei gode hovuda, og vi er fornøgde med å halde oppe jevne og gode søkjartal til politiutdanninga. Mange søkjarar per studieplass er viktig for å sikre god kvalitet, seier sjef Håkon Skulstad i Politihøgskolen til NTB.

Han synest det er gledeleg at 40 prosent av søkjarane er kvinner.

LES OGSÅ: Politiet bryt lova

– Vi har i fleire år jobba aktivt for å motivere kvinner til å søkje blant anna i form av rekrutteringsarbeid. Om vi ser at det stabiliserer seg på 40 prosent kan det bli aktuelt å auke den delen, seier Skulstad.

Som vanleg vil flesteparten studere ved Politihøgskolen i Oslo, men det er også interesse for lærestader utanfor hovudstaden. Nokre fleire har valt byar utanfor Oslo som førsteprioritet enn kva som var tilfelle i 2011. Nær halvparten av alle søkjarane har berre søkt seg til Politihøgskolen, som betyr at dei ikkje bryr seg om kvar hen i landet dei hamnar så lenge dei kjem inn.

– Det verkar som om vi har mange motiverte og målbevisste unge blant søkjarane. Dei er dedikerte og søkjer éi utdanning, og det er politiet, seier Skulstad til NTB.

LES OGSÅ: Politiskulen 2

Det skal takast opp 720 studentar til hausten. I år kjem dei fleste søkjarane frå Akershus, så Oslo og Hordaland. Gjennomsnittsalderen er 22 år for kvinner og 22,8 år for menn. (©NPK)

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Les også: Møt ein politimann