Fleire valdtektssaker etter Tinder-møte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valdtektsmottaket ved St. Olavs hospital i Trondheim har hatt fleire saker der kvinner fortel om valdtekt etter Tinder-treff. Fleire andre stader i landet er det meldt om liknande saker.

– I nokre av sakene har det starta frivillig, men så har det utvikla seg til å bli brutalt. Desse sakene kan også vere vanskelege å melde til politiet fordi det starta frivillig, seier overlege Cecilie Hagemann ved overgrepsmottaket til Adresseavisen

Ho seier at datingappen kan brukast av folk som har til hensikt å valdta eller gjennomføre krenkingar.

– Personane kan tilsynelatande vere greie og hyggelege når ein kjem i kontakt med dei, men så endrar dei oppførsel undervegs, og då kan det vere for seint.

Kripos fører ikkje eigen statistikk over valdtektssaker knytt til appar som Tinder, men pressesjef Ida Dahl Nilssen i Kripos seier det er ein auke i politimeldingar av valdtekter som skjer på det første fysiske møtet etter at ein har kome i kontakt med nokon på internett.

Fleire politidistrikt har meldt om politimeldingar knytt til Tinder-møte, og tidlegare i år gjekk også overgrepsmottaket i Fredrikstad ut og åtvara mot naiv bruk av datingappen. (©NPK)

LES OGSÅ: – Sjølv om ein er valdteken, så er ein ikkje svak