Fleire unge jenter skipar eiga verksemd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire unge skipar eigen bedrift

Våren 2011 var Kathrine Marthinsen frå Hønefoss ferdig med folkehelsestudier ved Høgskolen i Bergen. Allereie under studiane vart ho klar over at det ikkje var så mange stillingar å søkje.

– Folkehelseområdet er nytt i Noreg og det er difor førebels få jobbar. Men eg var ivrig etter å bruke kunnskapen eg hadde tillært meg, seier Kathrine.

Saman med medstudenten Ingrid Fardal skipa ho i haust verksemda SpisVis. No er dei så vidt i gang med arbeidet om å få folk til å gjere nettopp det – å inspirere folk til å ete sunt og ha ein god livsstil.

– Det har gått overraskande bra til no. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar, seier Kathrine.

Ynskjer å verte stor
Førebels satsar dei ikkje hundre prosent på verksemda, men har studiar og deltidsjobbar i tillegg. På sikt er derimot målet å verte store.

– Vi ynskjer å vere ein stor aktør på folkehelseområdet, og tilby våre teneste til både einskildpersonar, frisklivssentralar.
lag og foreiningar, og private og offentlege verksemder, seier Kathrine.

Dei tilbyr mellom anna skreddarsydde føredrag og opplæring i praktisk matlaging.

– Vi ynskjer å gje praktiske tips og råd til korleis ein kan få til ein sunn livsstil i praksis. Det skal vere eit lågterskeltilbod, seier Kathrine. I tillegg til utdanninga innan folkehelse, har ho utdanna seg til personleg trenar og har erfaring som treningsinstruktør.

Fleire vert sin eigen sjef
Talet på unge etablerarar har auka med tretti prosent frå 2002 til 2010.

I 2002 etablerte 3045 personar i alderen 16 til 24 år sitt eige føretak, medan talet i 2010 var 4407. Auken er størst blant jenter, på heile på 42 prosent. Blant gutar er auken på 27 prosent.

I aldersgruppa 25-44 har talet i same periode vore stabilt, rundt 17.000, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

LES OGSÅ: Skaper fleire leiarar og bedrifter

Er sterk i trua
– Korleis har det vore å kaste seg uti?

– Det er godt lagt til rette med informasjon, til dømes på nettstaden Bedin.

– Der har vi funne den hjelpa vi har trunge. Det kan virke stort og vanskeleg før ein kjem i gang, men det har gått veldig fint. Folkehelse er noko vi brenn veldig for, det ligg vårt hjerte nært, for å seie det slik. Når vi er såpass engasjert trur eg det smittar over både på prosjektet og kundane våre, seier Kathrine.

LES OGSÅ: Handel og service knuser industrien

Faktaboks

Spesialrådgjevar Helene Mørne i Innovasjon Norge har fylgjande råd til unge som ynskjer å skipe ei eiga verksemd:
1. Bli god på å presentere verksemda di eller ideen din. Å gjere det på ein god måte framfor potensielle investorar, er ein kunst.
2. Sett pengar i di eige verksemd. Vil ikkje du setje pengar der, vil heller ingen andre gjere det.
3. For å få støtte hos Innovasjon Norge er det viktigaste at du er innovativ, marknadsorientert og har ambisjonar om vekst. Innovasjon Norge har mykje meir pengar til skiping av verksemder i distrikta enn i sentrale strøk. Det er fordi pengar frå Innovasjon Norge skal vere med å kompensere for manglande tilgang på privat kapital i distrikta.

For fleire tips sjå heimesidene til Innovasjon Norge og Ungt Entreprenørskap.