≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: ungdomsskule, Nynorsk, Noregs Mållag, Barneskule

Fleire nynorskelevar i 2016

Auken skuldast at talet på barn i nynorskområde går opp.

Andrea Rygg Nøttveit
torsdag 15. desember 2016 16.09

Fleire nynorskelevar i 2016 Illustrasjonsfoto: Colourbox

I inneverande skuleår har talet på nynorskelevar i grunnskulen har auka med 160 frå  skuleåret 2015/2016. 

Etter tretten år med nedgang i nynorskelevtalet er denne trenden snudd i år.

– Det er veldig kjekt at det har blitt fleire nynorskelevar siste året, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

I heile grunnskulen frå 1. til 10. klasse er det no 76.549 nynorskelevar, noko som tilsvarar 12,2 prosent.

Auken finn me i hovudsak i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, men også Oppland og Aust-Agder har fleire nynorskelevar enn i fjor. 

– Auken kjem nok i hovudsak av at talet på barn i nynorskområde går opp, seier Aasbrenn.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar


Oppdatert: torsdag 15. desember 2016 16.12
Kommentarar



 
ANNONSE: