Fleire «navarar» skal få jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie i regjeringsplattforma varsla den nye regjeringa at ho ønskjer ein fullstendig gjennomgang av Nav. Tysdag kunne arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) presentere utvalet som skal gjere jobben.

Tidlegare KS-topp Sigrun Vågeng skal leie utvalet, som har fått ein omfattande meny av tema og problemstillingar frå statsråden.

Eriksson ønskjer råd og innspel på alt frå tal på Nav-kontor til korleis dårlege brukaropplevingar kan reduserast, tidstjuvar identifiserast og eliminerast og korleis kompetansen til dei tilsette kan styrkjast.

Og alle råda til utvalet skal la seg gjennomføre utan at det skal koste meir pengar.

– Ein forstår ut frå mandatet at det er mykje som skal gjerast. Nokre vil kanskje seie, kva er det vi ikkje skal sjå på, men eg trur det er ei veldig tydeleg retning, som vi raskt kan konsentrere oss om, uttalte Vågeng under presentasjonen.

Brukarreform

Og Eriksson er klar på i kva for hovudretning han vil utvalet skal gå: Dei skal gi han råd om korleis Nav kan bli mindre byråkratisk og korleis etaten må jobbe for å få endå fleire frå trygd til arbeid.

Statsråden ramsa opp eit knippe Nav-historier han snart ønskjer skal bli historie: Som kravet om at personar med varige diagnosar igjen og igjen skal måtte dokumentere at dei for eksempel har amputert eit bein eller har Downs syndrom.

Som at ein person som for eksempel ønskjer seg jobb i hotellbransjen må gjennom tre månader med å putte skruar i poser hos ei attføringsbedrift i staden for at Nav koplar brukaren opp mot hotellbransjen med ein gong.

– Dette skal vere ei brukarreform. Vi skal avbyråkratisere, forenkle og løfte brukarperspektivet, lovde Eriksson.

Tidlegare denne månaden møtte han 80 Nav-brukarar som kom med innspel om korleis etaten kunne forbetrast. Innspela vil bli overleverte utvalet på deira første arbeidsdag neste fredag.

– Ein av hovudtilbakemeldingane frå brukarane er at dei ikkje får rett hjelp til rett tid, sa Eriksson.

– Ein utopi

Hovudtillitsvalt for Unio i Nav, Perly Paulsen, seier ho er positivt overraska over samansetjinga av utvalet og innhaldet i mandatet.

– Vi håpar at dette skal bidra til at Nav skal bli betre og at dei tilsette skal få ein lettare kvardag, seier ho til NTB.

Paulsen er derimot kritisk til at det ikkje skal følge pengar med forslaga.

– Det er ein utopi dersom ein trur ein kan foreslå tiltak og omorganiseringar utan at det følger pengar med. Eg vil åtvare mot å gå i den same fella som ein gjorde under omorganiseringa i 2006, då vi vart pålagt ei storstilt omstilling utan at midlane følgde med, seier Paulsen.

Hovudorganisasjonen Virke er på si side skuffa over at rolla arbeidsgjevarane er lite omtalte i mandatet, og seier dei saknar deltaking frå «den typiske norske verksemda» i utvalet. (©NPK)