Fleire melder seg inn i Mållaget etter Høgre-vedtak

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga vedtok Høgre sitt landsmøte å framleis gå inn for å avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

– Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar, sa ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

I dag skriv nestleiar Jens Kihl på Twitter at 34 personar har meldt seg inn i Noreg Mållag i dagane etter Høgre sitt landsmøte.

Før helga skreiv Venstre-politikar Peder Lofnes Hauge det brennande innlegget: «Kunnskapsministeren er pokker så frekk»