Fleire les bøker og nettaviser

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre leste trykte aviser og fleire las nettaviser i 2016 enn året før, ifølgje nye tal frå Norsk mediebarometer. Delen TV-sjåarar er stabil.

I snitt brukte nordmenn 140 minuttar på internett i fjor, meir enn nokon gong.

Det er 16–24-åringar som er dei meste ivrige brukarane, med 4 timar og 5 minutt per døgn. Av dei som er på internett i løpet av ein gjennomsnittsdag, hadde 72 prosent i 2016 vore innom Facebook, og 50 prosent hadde vore innom andre sosial medium. Bruken av sosiale medium har auka betydeleg siste år.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

Delen som las trykte bøker ein gjennomsnittsdag, var 17 prosent i 1997 . Dei seinare åra har delen auka. I 2016 var delen 25 prosent, litt meir enn året før. Derimot var det berre 2 prosent som las elektronisk bok i løpet av eit døgn. Slår vi desse delane saman, var det totalt 26 prosent som las bøker ein gjennomsnittsdag.

LES OGSÅ: Boklesarar lever lengre

LES OGSÅ: – Facebook fortel meg kva som er trendy, men ikkje kva som er siste nytt